Nasjonal tilskottsordning for inkludering av barn og unge

Nasjonal tilskottsordning for inkludering av barn og unge - Klikk for stort bilde Føremålet med tilskottsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom hos barn og unge. Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søka om tilskott.

Nasjonal tilskottsordning for inkludering av barn og unge

Tilskottsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Nasjonal tilskottsordning for inkludering av barn og unge er eit av fleire tiltak i regjeringa sin strategi som skal bidra til å nå regjeringa sitt mål om at alle barn, uavhengig av foreldra sin økonomi, skal ha høve til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) lyser no ut ordninga med atterhald om Stortingets budsjettvedtak for 2021.

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søka om tilskott.

Søknadsfrist og meir informasjon finn du på tilskottsordninga sine nettsider.

Søknadsfrist: for tilskottsåret 2021 er fredag 4. desember 2020.

Kontakt

Unnvald Bakke
Kommunalsjef Oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00
Mobil 971 12 074