No kan du søkje tilskot til tiltak retta mot vilt, fiske og friluftsliv

Kraftutbyggningsfondet lyser ut kr 85 000,- kvart år til desse formåla.

Søknadsfristen er 1. juni.

Rauddalsvatnet i Skjåk er magasin for Framruste kraftverk - Klikk for stort bildeRauddalsvatnet i Skjåk er magasin for Framruste kraftverk Sigrun Eide

Kraftutbyggingsfondet

I fylgje konsesjonen for utbygging av Øvre Otta, Framruste, Øyberget og Breidalsoverføringa, får Skjåk kommune 85.000 kroner kvart år til tiltak som kjem inn under område fiske, vilt og friluftsliv.
 
Fondet skal brukast til investeringar i fiske, vilt og friluftsliv. Midla skal fyrst og fremst brukast i dei område som er utbygde for å kompensere skader og ulemper. Midla skal fortrinnsvis brukast til investeringstiltak.
 

Søknaden skal innehalde

  • Omtale av tiltaket
  • Budsjett og finansiering
  • Kven har nytte av tiltaket (tiltak som mange har nytte av vil bli prioritert)
Søknadsfrist: 1. juni
 

Send søknad til

  • post@skjaak.kommune.no
eller
  • Skjåk kommune
    Servicetorget
    Moavegen 30
    2690 Skjåk

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145