Nord-Gudbrandsdalen er tildelt 9,5 millionar ekstra til kommunale næringsfond

Klikk for stort bilde 

Fylkesutvalet i Innlandet fylkeskommune behandla den 30.06.20 saka om fordeling av 65.6 millionar i ekstraordinære kommunale næringsfond. 
Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen fikk totalt ca 9,5 millionar fordelt på: 
Dovre kr. 1 780 040,-
Lesja kr. 1 495 565,-
Skjåk kr. 1 505 805,-
Lom kr. 1 723 285,-
Vågå kr. 1 535 550,-
Sel kr. 1 550 635,-
 
Kommunane er svært glade for å kunne få denne moglegheita til å støtte næringslivet i ei vanskeleg tid.  
Målgruppa for midlane er bedrifter og næringsaktørar. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motverke negative verknader av kornavirus utbrotet. Betydinga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet skal vektleggjast.  
 
I vurderinga av søknadene om tilskot skal det leggas særlig vekt på: 
  • I kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar
  • I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antakas å motverke negative verkingar av Covid19 utbrotet
  • Kor raskt tiltaket kan settast i gang. 
Midlane vil bli utlyst på www.regionalforvaltning.no i august. 
 
Ved spørsmål så ta kontakt med næringsavdelinga i den respektive kommune: 
  • Sel – Torfinn Stenersen, torfinn.stenersen@sel.kommune.no 
  • Dovre – Steinar Tolf Jacobsen, Steinar.Tolf.Jacobsen@dovre.kommune.no
  • Lesja – Rigmor Bøe, Rigmor.Boe@lesja.kommune.no
  • Skjåk – Marianne Stensgård, marianne.stensgard@skjaak.kommune.no
  • Lom – Åshild Myhre Amundsen ashild.amundsen@lom.kommune.no
  • Vågå – Live Brimi, live.brimi@vaga.kommune.no