Nye rutinar for besøk ved Skjåkheimen

Klikk for stort bildeSkjåkheimen 

Etter nye oppdateringar frå FHI sine sider angåande Covid-19 er fylgjande prosedyre for besøk ved Skjåkheimen:
  • Ring og avtal med Skjåkheimen/avdelinga om besøk på førehand.
  • Besøk bør helst skje utandørs eller på Storstugu. Ved besøk inne på Storstugu er det max 5 personar samtidig.
  • Hugs å vaske/sprite hendene før og etter besøket
  • Hugs å overhalde 1 meters regelen om å halde avstand
  • Du kan ikkje ta med mat eller drikke
  • Pasientar som ikkje er mobile kan få besøk inne på rommet med eigne restriksjonar. Max. 2 personar på besøk om gongen på rommet
  • For besøk hjå pasientar som er kritisk sjuke eller i livets siste sluttfase gjeld andre rutinar
  • Alle besøk vert dokumentert i Profil, dette med tanke på evt. smittesporing.
Her kan du ringe for å avtale besøk:
  • Avd.sjpl./ansvarleg sjukepleier: 469 42 018 
  • Uppistugu: 954 29 537
  • Framstugu: 469 58 669
  • Midtstugu: 480 77 936
  • Skeiro: 612 17 186
 

Du SKAL IKKJE kome på besøk dersom du:

  • Ikkje føler deg frisk
  • Har vore utanfor Norge dei siste 14 dagane
  • Er i heimekarantene eller har vore i nærkontakt med nokon som har fått påvist covid-19

Kontakt

Ingvild Mork
Tenesteleiar institusjon
Telefon 61 21 71 88
Mobil 489 97 924