Nye tilsette i Skjåk kommune - Januar 2023

Sølvi Hiller Lemstad har starta i stillinga som ny næringssjef i Skjåk kommune. Stillinga som næringssjef tilhøyrer området Miljø og samfunnsutvikling, der Roger Johansen er kommunalsjef.

Bilete av Sølvi Hiller Lemstad - Klikk for stort bildeSølvi Hiller Lemstad Privat

Sølvi kjem frå stillinga som næringsrådgjevar i Steigen Kommune. Ho har i ei årrekkje jobba innan finans og kapitalforvaltning, bl.a. i KLP og Folketrygdfondet. Lemstad Hiller har utdanning innan økonomi og finans frå NHH i Bergen og strategi og bærekraft frå Harvard i USA.

----

Pål Skjåk Haugen er tilsett som ny jordbruksrettleiar og skogbrukssjef for Lom og Skjåk. Pål skal vera tre dagar i veka i Skjåk, éin dag i Lom og éin dag på heimekontor. Stillinga tilhøyrer også området Miljø og samfunnsutvikling. 

Bilete av Pål Skjåk Haugen - Klikk for stort bildePål Skjåk Haugen Skjåk kommune

Pål har ein bachelor i skogbruk frå høgskulen i Innlandet, og eit årsstudium i geografisk informasjonssystem (GIS) frå NTNU på Gjøvik. Han har også arbeidd som skogbruksplanleggjar og prosjektleiar i Glommen Mjøsen Skog, og vore skogbruksleiar på Øyer og i Lillehammer.