Nytt tilbod innan helseberedskap

Frå 7. februar kom ei ny ordning om eit felles prosjekt med regional legevakt i Nord-Gudbrandsdalen og Sjukehuset innlandet ved prehospitale tenester i stand.

    Prehospitale tenester

    Prosjektet går ut på at det i Norddalen skal vere ein ambulerande, bemanna legevaktbil med paramedic. Denne skal vere i dialog med legevakt, med mål om å få ned talet på innleggingar på sjukehus og behov for legevaktbesøk.

    Prehospitalt team og akuttbilen skal fungere som eit supplement til eksisterande prehospital beredskap – dei ordinære ambulansane. Akuttbilen blir bemanna av ein paramedic eller vidareutdanna ambulansepersonell og legevaktslege ved behov. Bilen skal rykke ut etter utkall frå legevakt og AMK.

    Tilbodet vil bli nytta i tilfelle der det ikkje er openbart behov for ambulanse. 

    Målet er at prosjektet skal bidra til auka beredskap i heile regionen, og sikre kunnskaps- og kompetansedeling på tvers av tenester og fagområde. I fyrste omgang blir prosjektet prøvd ut i 3 mnd før det blir evaluert.

    Tider for vaktordning:

    • Torsdag - Fredag, kl 16.00 - 22.00
    • Laurdag - Sundag, kl 12.00 - 20.00

    Særskilt for påska 2019:

    • Måndag - onsdag, kl 16.00 - 22.00
    • Skjærtorsdag - 2. påskedag, kl 12.00 - 20.00