Offentleg høyring på ny beitebruks-  og beredskapsplan for Skjåk kommune 2019-2023

Planen er lagt ut til offentleg høyring med høyringsfrist 17. juli 2019. 

Sau på beite i Skjåk. Foto: Sigrun Eide

Beitebruks- og beredskapsplan for Skjåk er ein kommunedelplan, som ligg inne i vedteke planstrategiprogram.

Fyrste beitebruks- og beredskapsplan for Skjåk vart vedteken i 2006. Til å leie arbeidet med revisjon av planen vart det sett ned ei gruppe med representantar frå Skjåk kommune, Skjåk Almenning, beitelaga og faglaga i jordbruket.

 

Målsetjinga har vore å få til ein handlingsretta beitebruks –og beredskapsplan som skal

  • synleggjera omfang av beitebruken
  • synleggjera verdien av beitebruken i utmarka
  • synleggjera interessekonfliktar
  • forslag til tiltak som hindrar konflikt
  • forslag til beredskapstiltak
  • forslag til tiltak for å styrke/verne beitebruken i framtida
  • synleggjera beitebruken for anna planarbeid
 

Kontakt

Kari Hånsnar
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 991 62 602