Ope landbruksmøte 26. april - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Ope landbruksmøte 26. april

Den økonomiske situasjonen i landbruket er svært krevjande, og usikkerheit pregar næringa før årets vekstsesong. Landbruket er hovudsakleg ei statleg styrt næring, men kva kan kommunane bidra med for å avhjelpe den utfordrande situasjonen for landbruksnæringa i Lom og Skjåk?  

 

OPE LANDBRUKSMØTE

Landbrukskontoret i Lom og Skjåk inviterar gardbrukarar, rådgjevarar, politikarar og andre interesserte til eit ope landbruksmøte for å diskutere tiltak og løysingar for dei utfordringane landbruket no står i. 

  • Stad: Marlo Grendehus
  • Tidspunkt: Tirsdag 26. april kl. 19.30 - 22.00 

PROGRAM

  • Velkomen v/Edel Kveen, ordførar i Skjåk kommune
  • Status før årets jordbruksforhandlingar v/Bengt Fasteraune, stortingsrepresentant (Sp)
  • Den økonomiske situasjonen i landbruket v/Sparebank 1 Lom og Skjåk og faglaga i landbruket
  • Bondehelse i tøffe tider v/Turid Grimsbø Snerle, Landbrukskontoret i Lom og Skjåk og Norsk Landbruksrådgiving 
  • Diskusjon: kva kan kommunane bidra med?  
  • Oppsummering

Servering av kaffe og kveldsmat. 

Vel møtt!