Måndag 15. oktober:
Kl 20:10
- Vi oppmodar fortsatt alle til å koke drikkevatnet.
- Vi åtvarar alle til å halde seg unna elvekanten no når elva trekkjer seg tilbake. Det er fare for at elvekanten/skråninga kan rase ut.
Kl 19.40 - måndag 15. oktober
Det er beredskap her på kommunehuset fram til kl 20.
Har du spørsmål no i kveld, må du ringje før kl 20. -
tlf 90 98 42 76.
Etter kl 20 i kveld går vi tilbake til vanleg drift.
Kl 17:55 - måndag 15. oktober
Alle vegar er opne i Skjåk.
Kl 17:50 - måndag 15. oktober
Politiet melder at droneforbudet gjeld fram til tysdag 16. oktober kl 10.
Kl 17:20 - måndag 15/10
Det blir vanleg barnehage- og skuledag i morgon. Bussane går som normalt. Du kan ikkje drikke vatnet på skulen, du bør difor ta med eiga drikke. Det blir gym, men idrettshallen er stengt.
Kl 17:10 - måndag 15/10
Oppdatering om flaumen i Skjåk
Alle evakuerte i Skjåk kommune kan no vende attende til sine heimar.
Oppdatert liste over vegar:
Fv 485 Jøinglie - open
Fv 484 Lundagrende - open
Fv 486 Bråtå - stengd
Rv 15 Vollungsbrue - Bispen camping - stengd
Rv 15 Skamsar bru - Dønfoss - open
Kl 16:10
Informasjon frå Skjåk kommune og NVE om forsikringsansvar finn du her
Kl 14:00 - måndag 15/10
Vi fekk akkurat beskjed om at fv 485 Jøingslie no er opna.
Kl 13:45 - måndag 15/10
Oppdatert informasjonen om stengde veger, er den som ligg her på kommunens nettsidar.
Kl 11:25 - måndag 15/10
Om du ynskjer evakuering, så ring politet på tlf. 951 89 571. Dei vurderer fortløpande.
Kl 10:40 - måndag 15/10
Oppdatert liste over stengde vegar:
- Fv 485 Jøinglie - stengd
- Fv 484 Lundagrende - stengd - open for naudetatar
- Fv 486 Bråtå - stengd
- Rv 15 Vollungsbrue - Bispen camping - stengd
- Rv 15 Skamsar bru - Dønfoss - stengd
Vegvesenet sine trafikkmeldingar finn du her.
Kl 10:00 - måndag 15/10
Svømmehallen må halde stengt i dag grunna flaumen
Kl 09:30 - måndag 15/10
Det er sendt ut ein SMS til innbyggjarane i Skjåk med denne meldinga:
"Det er viktig at dei som er evakuert ikkje reiser attende til heimane sine enda. De kan halde dykk oppdatert på heimesidene til Skjåk kommune".
Kl 08:15 - måndag 15/10
Fleire bruer i Skjåk er stengt.
- Fv 483 Vollungsbru - Marlo - Ramstadstrond - Reppen: strekning open, men Marlo bru er øydelagt og stengt
- Fv 484 stengt, men kan få køyre over Skjølabrue
- Fv 485 Jøingslie stengt
- Fv 486 Bråtå stengt
- Rv15 stengt ved Vollungsbrua og Forbergsgardane
- Rv 15 Bismo - Skamsarbrua - open
- Rv 15 Skamsarbrua - Dønfoss bru - stengt
Det er vakt frå sivilforsvaret ved Vollungsbru, Skamsarbru, Skjølabru og gamle Vollungsbru. Helsepersonell kan passere.
Sota: Dyringsbrua er øydelagt.
Kl 06:45 - måndag 15/10
Det ser ut til at flaumen har nådd toppen og er på retur. Skjåk kommune og politiet åtvarar folk som er evakuert frå heimane sine mot å vende attende. Det er mellom anna fare for jordras når vatnet trekkjer seg attende og trykket i bakken blir burte. Vi ber folk om å spare på vatnet og fortsatt koke drikkevatnet.