Rettleiar/sakshandsamar ved Nav Lom og Skjåk - Skjåk kommune

Rettleiar/sakshandsamar ved Nav Lom og Skjåk

Vil du gjere ein forskjell i menneske sine liv? Som rettleiar/sakshandsamar i Nav Lom og Skjåk får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du hjelper menneske nærare arbeid, aktivitet og økonomisk meistring. Vi ser etter ein engasjert lagspelar som trivst med samarbeid, utvikling og å finne gode løysingar.

100 % fast stilling som rettleiar/sakshandsamar

Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk kommune, der Skjåk kommune er vertskommune. Kontoret har ni tilsette og er lokalisert i Bismo.

Stillinga er ledig frå 01.09.26.

Om stillinga

  • Råd og rettleiing innanfor for eksempel aktivitet og arbeid, økonomi og førebygging av sosiale vanskar.
  • Engasjere og motivere både jobbsøkjarar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnerar.
  • Vere aktiv i høve til at flest mogleg oppnår sitt mål om til tilknyting til arbeidslivet.
  • Samarbeide og finne gode løysingar med kollegaer, arbeidsgjevarar, helsevesen og andre involverte.
  • Handtere fleire datasystem for å løyse Nav sine oppgåver i hovudsak økonomisk sakshandsaming og rettleiing.

Arbeidsoppgåver: 

kontoret er i starten av eit fagleg utviklingsarbeid, for å gjere oss mindre sårbare ynskjer vi at tilsette håndterer alle våre arbeidsfelt; arbeidsretta, sjukefråværsoppfølging og økonomisk sosialhjelp. Her kan det bli endring i arbeidsoppgåver.

  • Tett samarbeid med andre aktørar i samfunnet.
  • Forvaltning av private personar sin økonomi.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet.
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Digitalkompetanse og evne til å setje seg inn i nye arbeidsmetodar.
  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
  • Førarkort klassse B.

Vi vektlegg at du

  • ynskjer spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver med mål om å løyse eit viktig samfunnsoppdrag
  • har evne til å arbeide målretta
  • har evne til å arbeide i team
  • er sjølvstendig i planlegging og drift av eigen arbeidskvardag
  • har gode servicehaldningar samt god kommunikasjonsevne
  • har gode samarbeidseigenskapar, er fleksibel og har gode evner til omstilling
  • har kjennskap til arbeidsmarknaden, utdanning og Nav sine tenester
  • er fleksibel og har godt humør


Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Ein må rekne med noko reising som ein del av jobben.

Ynskjer du meir informasjon om Nav - gå inn på nav.no.

Vi tilbyr

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • pensjonsordning i KLP


Spørsmål kan rettast til Gudrun Teigen, konstituert leiar Nav Lom og Skjåk, mob. 95982598 e-post: gudrun.teigen@NAV.no 

Søknadsfrist 26.08.2026

Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om oss? 

Les meir om korleis Skjåk kommune satsar på oppvekst på Å vekse opp i Skjåk - Skjåk Kommune 
Les meir om Skjåk kommune på www.skjaak.kommune.no

Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Kanskje har du ein partner som vil vite meir om arbeidsmoglegheiter i Skjåk. Har du barn vil du kanskje vite meir om barnehage, skule og fritidstilbod. Om du ynskjer å prøvebu i Skjåk nokre dagar kan tilflyttarkonsulenten legge til rette for dette også.

Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902. Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Kontakt

Gudrun Teigen
Tenesteleiar Heimetenesta for funksjonshemma
Telefon 61 21 71 61
Mobil 959 82 598