Skjåk folkebibliotek kåra til Årets bibliotek 2025 - Skjåk kommune

Skjåk folkebibliotek kåra til Årets bibliotek 2025

Skjåk folkebibliotek fekk torsdag 15. januar 2026 heiderstittelen «Årets bibliotek 2025» for målretta arbeid med å utvikle biblioteket som ein levande og inkluderande møteplass i lokalsamfunnet. Prisen vart delt ut på Deichman Grünerløkka i Oslo.

Skjåk folkebibliotek er tildelt prisen Årets bibliotek 2025 av Norsk bibliotekforening.

Skjåk folkebibliotek fekk torsdag 15. januar 2026 prisen «Årets bibliotek 2025» for målretta arbeid med å utvikle biblioteket som ein levande og inkluderande møteplass i lokalsamfunnet. Prisen vart delt ut på Deichman Grünerløkka i Oslo. 

bilde fra prisutddelinga for årets bibliotek i Oslo m - Klikk for stort bildeFrå høgre, dei tilsette ved biblioteket i Skjåk, Ida Marie Banken, Laila Rusten, Sigrun Eide (leiar). Ivar Bø (kommunedirektør), Marianne Stensgård (kulturkonsulent). Helene Voldner, leiar i Norsk bibliotekforening og juryleiar, og prisutdelar stortingsrepresentant Sunniva Holmås Eidsvoll(SV). Skjåk kommune

 

Gjennom nyskapande idear og tett samarbeid med lokale lag, foreiningar og enkeltpersonar har biblioteket utvikla eit breitt og variert arrangementstilbod. Innhaldet spenner frå kultur- og historieformidling til kunnskapsdeling og fellesskap. Skjåk folkebibliotek har markert seg som ein sentral arena for møte, deltaking og formidling i lokalsamfunnet. Juryen løftar fram biblioteket si rolle som ein stad der ulike aldersgrupper og interesser møtest.

Prisen - ei nasjonal utmerking

Prisen er delt ut av Norsk bibliotekforening og omfattar både eit grafisk trykk og ein årleg vandrepokal knytt til Brageprisens heiderspris.

Dei andre nominerte til prisen var: 

  • Deichman Stovner , Oslo
  • Måsøy folkebibliotek, Finnmark 
  • Narvik bibliotek, Nordland 
  • Skolebiblioteket ved Skeiane ungdomsskole, Rogaland
  • Skjåk folkebibliotek, Innlandet 

Les også Fem sterke kandidater til Årets bibliotek 2025!

Sjå film frå utdelinga (Facebook)

Les artikkel i lokalavisa Fjuken 

---------

Skjåk folkebibliotek

Skjåk folkebibliotek er eit lite, men særs kreativt bibliotek som nyttar små ressursar klokt og skapar ein aktiv og open møteplass for heile kommunen. I 2025 har biblioteket hatt over 50 arrangement som har samla både unge og eldre.  Dei fleste tiltaka blir utvikla i samarbeid med lokale lag og organisasjonar, og nær sagt alle er gratis. Nokre arrangement har profesjonelle aktørar, medan mange byggjer på solide lokale krefter. Biblioteket har også eit tett og godt samarbeid med kulturavdelinga, som dette året har vore samlokalisert med dei.
 

Dei tilsette ved biblioteket: Ida Marie Banken, Sigrun Eide og Laila Rusten - Klikk for stort bildeDei tilsette ved biblioteket: Ida Marie Banken, Sigrun Eide og Laila Rusten Skjåk kommune

 

Stor aktivitet ved biblioteket i Skjåk

Eit populært initiativ er SOLfestivalen i mars, ei veke full av kulturelle arrangement som feirar at sola kjem attende til bygda. I 2025 vart Frøbiblioteket opna, barnehagebarn laga SOLutstilling, ei fotoutstilling som markerte utvandrarjubileet. Programmet inkluderte også teater for dei minste, ein konsert med  folkemusikk ved lokale spelemenn, eit inspirerande foredrag med Maria Berg Hestad og familiesongstund med Camilla Granlien.

Hausten har mellom anna bydd på “Strikk og lytt” med høgtlesing av dei tilsette, og “Smakfull kveld på biblioteket”, der lokale matentusiastar delte kunnskap om tradisjonsmat. 

Biblioteket er ein varm og imøtekomande arena med gode soner og gratis kaffi. Barnehage og skule brukar biblioteket flittig, og innbyggjarane nyttar både bemanna opningstid og meirope løysing. Skjåk folkebibliotek viser kor mykje ein kan få til med lite – når ein samarbeider godt og opnar dørene for alle.

Dei tilsette ved biblioteket seier at dei kjenner seg djupt æra og stolte over å bli nominert til ‘"Årets bibliotek" og at dette er ei stadfesting på at dei gjer ein bra jobb.  Dei tykkjer det er gledeleg at stadig fleire finn vegen til biblioteket og kjenner tilhøyrigheit der.

Dei ynskjer å takke alle lånarane, samarbeispartnarane og ikkje minst Skjåk kommune som satsar på biblioteket sitt. Fylg gjerne biblioteket på facebook, her finn du oppdatert informasjon om kva som skjer på biblioteket.

Norsk Bibliotekforening har invitert dei tilsette til Oslo 15. januar. Her vil dei nominerte biblioteka bli lyfta fram og vinnaren bli kåra.

 

Glimt frå Skjåk folkebibliotek

Bilete av barnehageungar på Skjåk folkebibliotek - Klikk for stort bilde
Bilete av to små gutar som heiter Eilev og Ola - Klikk for stort bilde
Isak Åboen Korstad var den heldige vinnaren av "Skrekkbingo" - Klikk for stort bilde
Bilete av ein liten gut som heiter Laurits - Klikk for stort bilde
Bilete av fem matentusiastar - Klikk for stort bilde
Juni 2025: Konstanse og Alfred har sikra seg bøker til leselystaksjonen "Sommarles - Klikk for stort bilde
Publikum på fyrste rad. Aud og Elias Sperstad, Morten Kielland og Hanne Gran - Klikk for stort bilde
Plakat på "Strik og Lytt" - Klikk for stort bilde
Boklansering med Finn Sandum og Inger Synnøve Killi - Klikk for stort bilde
Iben Akerlie og elevar ved Skjåk barne- og ungdomsskule - Klikk for stort bilde
Smakfull kveld på biblioteket - Klikk for stort bilde
Arnstein Fjerdingren, Bjørn Sverre Tengesdal,  Terje Kveen, Marit Åbø, Anna Kvåle og Brita Stensgård - Klikk for stort bilde
Stor aktivitet i barneavdelinga - Klikk for stort bilde
Jørn Lier Horst og elevar ved Skjåk barne- og ungdomsskule - Klikk for stort bilde
Tore Røddølen og Kirsti Maanum - Klikk for stort bilde
Plakat for filmframsyning - Klikk for stort bilde
Minikonsert med Mari Eide Lindsheim og Svein Brennhaug - Klikk for stort bilde
Utanfor Skjåk folkebibliotek - Klikk for stort bilde
Plakat med eit "Hurra!" - Klikk for stort bilde