Skjåk kommune har ny heimeside

 

Velkommen inn på den nye heimesida til Skjåk kommune, som vart lansert 31. mai, samstundes med Dovre, Lesja og Vågå sine nye sider.

Sidene er tilpassa mobile plattformer, noko som har vore viktig i og med at fleirtalet av besøkjande anten brukar mobil eller nettbrett. Dei er og tilpassa nyare nettlesarar, og vi oppmodar om at du jamnleg oppdaterer nettlesaren din.
Elles er tenestetilbodet i fokus og vi håper at det skal vere enkelt for deg å finne fram i informasjonen. Vi ber og om forståing for at ikkje alt er 100% på plass enno, og det kan vere uføresette feil som dukkar opp i startfasa.


Vi vil gjerne høyre frå deg, anten det er ris eller ros, noko du meiner manglar eller anna ved sidene som du har innspel på. Bruk også gjerne attendemeldingsfunksjonen som ligg nedst på dei aller fleste sidene

Velkommen inn!

Kontakt

Elling Starrem
Informasjon og kommunikasjon
Telefon 61 21 70 00
Mobil 414 14 644