Slik testar vi deg for korona i Skjåk

Klikk for stort bilde Lisens Skjåk kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved Skjåk legekontor.

Skjåk kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved Skjåk legekontor (kommunehuset i Bismo). Du må ringe for å avtale time før du møter opp.

Telefonnummeret er 61 21 71 00.  Linja er open måndag til fredag mellom kl. 08.00 og kl.15.00.

  • Telefontid: 08.00-11.30 og 12.30-15.00
  • Telefon tysdagar: kl.09.00-11.30 og 12.30-15.00

Kven kan testes?

Kommunen følgjer Folkehelseinstituttets kriterium for kven som skal testast for koronavirus. Vi testar alle personar med symptom på covid-19. Covid-19 har ofte følgjande symptom: feber, hoste, tungpustethet, tap av smaks- eller luktesans, sår hals, eller sjukdomskjensle.

Sjukdommen kan hos eit mindretal også gi andre symptom som kvalme/oppkast, magesmerter, utslett og mentale forandringar som forvirring og svimmelheit.

Barn under 10 år med berre lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptoma heime eit par dagar før testing. Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, treng ikkje å haldast heime eller testast.

Alle som blir testa bør halda seg heime til negativt prøvesvar finst OG dei har vorte symptomfrie.

Les meir om testkriterium for koronavirus på fhi.no

Bestill time for testing

Har du symptom på korona, ring kommunen sin testtelefon 61 21 71 00 mellom 08.00-11.30 og 12.30-15.00 og tysdagar: kl.09.00-11.30 og 12.30-15.00. for å avtale testing. Helg og heilagdagar er det ikkje testing.

Slik testar vi deg for korona

  1. Det er viktig at du bestiller time før du møter opp til testing. 
  2. Hugs å ha klart personnummer og telefonnummer før du tar kontakt.  
  3. Klokkeslettet du blir beden om å stille deg i kø er ikkje ein timebestilling for når testen din blir gjennomført. Du må vente litt. 
  4. Testen er klar før du møter opp til testen.

På testdagen

  1. Still deg klar. Vi ønskjer at du kjem i bil, dette for å hindre smitte. (etter avtale)
  2. Hugs å ha klart personnummer og telefonnummer. 
  3. Koronatesten er ein DNA-test frå hals og nase.

Etter testing

  1. Hald deg i karantene til du får prøvesvara dine. Det vil bety at du ikkje kan reise på jobb, skule, barnehage, butikk og offentleg transport. Anbefalinga er å vere i heim og i eigen hage. 
  2. Karantene gjeld ikkje andre i husstanden som er symptomfrie. Kontakt arbeidsgivaren din for retningslinjer for arbeidsplassen din.
  3. Nærkontakt med menneske som har stadfesta Covid-19 eller sannsynleg Covid-19, medfører isolasjon for vedkomande og karantene for husstandsmedlemmer.

Slik får du prøvesvara dine

No får du prøvesvar på din covid-19 test her på helsenorge.no så snart testprøven er analysert og svart på. Prøvesvar frå alle laboratorium i Noreg vil vere tilgjengeleg. Du må ha BankID for å logga på og finne prøvesvara dine. 

Du får telefon frå lege viss testen er positiv. Du må ikkje ringe og etterlyse prøvesvara før dag fire. 

Dersom du utviklar andre akutte symptom som du elles ville søkt lege for, er det viktig at du kontaktar helsetenesta. Mistanke om koronavirus (covid-19) må ikkje hindre deg i å få nødvendig helsehjelp. Ring fastlegekontoret på dagtid, 116 117 eventuelt 113 på kveld, natt og helg.