Søk tilskot til friluftsaktivitet

Klikk for stort bilde  

Søknadsfrist 1. februar

Kven kan søkje

Frivillige lag og organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og interkommunale friluftsråd. Bruk Miljødirektoratet sitt digitale skjema for å søkje. 

Kva kan støttast

Det blir primært gitt tilskot til friluftstiltak som stimulerer til direkte friluftsaktivitet, som til dømes organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktivitetar. Deler av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetane.

Følgjande blir prioritert:

  • Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.
  • Tiltak som blir gjennomført i nærmiljøet, med særleg vekt på byar og tettstader.
  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.
  • Tiltak retta mot personar som er lite fysisk aktive.
  • Tiltak retta mot barn, unge og barnefamiliar.
  • Tiltak retta mot personar med nedsett funksjonsevne.
  • Lokale/regionale tiltak rettet mot personer med innvandrarbakgrunn