Tilbod om kurs i Trygghetssirkelen - eit kurs for foreldre. - Skjåk kommune

Tilbod om kurs i Trygghetssirkelen - eit kurs for foreldre.

Dette er eit kurs for foreldre basert på tilknytningsteori og utviklingspsykologi. Det har som mål å fremja trygg tilknytning hjå barnet. Kort sagt å skape trygge barn. Ta kontakt innan 19. januar 2026.

Cirkle of security - Trygghetssirkelen

Vi ynskjer å tilby eit foreldrekurs rundt teorien Cirkle of security COS-P, også kalt trygghetssirkelen. Kurset vil væra gruppebasert, men vi kan og tilby individuelt kurs om ein ikkje vil delta i gruppe.

Dette er eit kurs for foreldre, basert på tilknytningsteori og utviklingspsykologi. Det har som mål å fremja trygg tilknytning hjå barnet. Kort sagt å skape trygge barn. «Vårt tilbod om ei vaksine for det psykiske immunforsvaret».

bilde av barn i barnehage - Klikk for stort bilde AdobeStock

Etter meir enn 50 års forskning veit ein at dess tryggare barn er dess meir er dei i stand til å:

  • oppleve meir glede med foreldre.
  • føle mindre sinne ovenfor foreldrene.
  • søke foreldre for hjelp når det blir vanskeleg.
  • få høgare sjølvkjensle /sjølvtillit.
  • løyse problem på eigen hand.
  • gå bedre overeins med venner.
  • få langvarige vennerelasjoner.
  • løyse problem med venner.
  • få bedre relasjon med syskjen.
  • vite at dei fleste problem har ei løysing.
  • få tillit til at gode ting vil skje.
  • få tillit til menneske dei er glade i.
  • vite korleis ein er god med andre menneske rundt seg.

Målet med kurset

Målet med kurset er ikkje å gje foreldre dårleg samvit, heller ikkje å oppdra dei til å bli perfekte foreldre.  Målet er å bli «gode nok» foreldre, for det er det barn treng.

Vi veit at dette er den viktigaste kunnskapen vi kan formidle til dykk som foreldre.  Denne foreldrekunnskapen byggjer ein solid grunnmur for barna!  Dette er ikkje eit komplisert opplegg, og det er opp til deg sjølv kor mykje du ynskjer å prate i gruppa. 

  • Opplegget går over 6 gonger, 1 gong i veka.
  • Kursted er møterom Helsestasjon i Lom.

Kontakt og oppstartsdato

Dersom dette høyrest spennande ut, ta kontakt med ein av oss innan 19. januar 2026.

 

Beste helsing

Aud Jotun og Kari Sakrisrud ved Lom og Skjåk helsestasjon

Et bilde som inneholder tekst, tegnefilm, skjermbildeAutomatisk generert beskrivelse

 

 

 

 

Kontakt

Aud Jotun
Helsesjukepleiar
Mobil 908 48 548
Kari Sakrisrud
Rettleiar barn og unge
Mobil 969 00 886