Grafisk profil Skjåk kommune

Klikk for stort bilde Det er to grafiske logoprofilar i Skjåk; Skjåk kommunevåpen og ein eigen profillogo for næringa, lag, organisasjonar og andre. (sjå bilde i bildeserie)

Kommunevåpen 

Kommunevåpenet symboliserer den skaparevna som gjennom alle tiderhar vore nedfelt i bygdafolket i Skjåk. Denne skaparevna har lagtgrunnlaget for den vekst og styrke som er nedfelt i kommunen sitt ordspråk: Vekst og styrke.

Firbladet i sølv/gråfarge har vore brukt i ulike former i den rike treskjerartradisjonen som kjenneteiknar bygda. Ein finn det t.d. på stuguskåp etter Skjåk-Ola, på preikestolane i kyrkjene i Skjåk og Nordberg, og i anna handverk som t.d. smi arbeid.

Blomst/akantus. Blomst/blad kan generelt symbolisere blomstring- at det veks og gror. Akantus symboliserer opphaveleg livet og detudøyande. Her symboliserer den og folketradisjon iallemannseige. Kommuneblomsten for Skjåk er lapprosa

Motivet er utforma av Arvid Sveen i Vadsø.
Kommunevåpenet for Skjåk vart godkjendt i statsråd 31. mars 1989.

 

Logosymbolet (fletta, vandrestav) for næringsliv, lag, organisasjonar og andre

Logosymbolet for Skjåk er laga etter inspirasjon av eit funn av det ein trur er ein del av ein vandrestav. Funnet som er datert til ca. 800 e.Kr. og er gjort ved Lendbreen i Skjåk.
Flettemønsteret i staven symboliserer korleis samhald og samarbeid har prega og forma Skjåk til det det er i dag. 
Vi meiner at samarbeid og samhald er spesielt sterke verdiar for Skjåk. 
Fargane i symbolet skal vere med på å støtte opp om Skjåk-kjensla og syner på ein måte «essensen» av Skjåk.

Les meir om logosymbolet og bruken av det her. Ta kontakt med web ansvarlig i Skjåk kommune for å få tilsendt logofiler.

Klikk for stort bilde

 

 

 

Grafisk profilhåndbok Skjåk 1 (PDF, 3 MB)

Kontakt

Elling Starrem
Informasjonskonsulent
Telefon 61 21 70 00
Mobil 414 14 644