Sjukepleiar på Skjåkheimen sjukeheim - Skjåk kommune

Sjukepleiar på Skjåkheimen sjukeheim

Skjåk kommune har to ledige 100% stillingar som sjukepleiar.

Stillingane er for tida på tenesteområde Skjåkheimen sjukeheim i 3-delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Det vil vere moglegheit til å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til langvakt på vekedagar. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar- ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid. 

Sjukepleiestudentar kan og søkje på stillinga.   

Arbeidsområde 

Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Vi vektlegg  gode pasientforløp med eit fagleg fokus for å sikre kvalitet og tryggleik i tenestene. Sjukeheimen har høg fagleg kompetanse og arbeider målretta for å gjennomføre ulike prosedyrar og oppgåver lokalt. Dette er særleg viktig sidan vi ligg langt frå sjukehus. 

Det er nær samhandling mellom heimetenesta, sjukeheimen og legetenesta. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen.    

Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har gjennom fleire år satsa målretta på å utvikle omsorgsbustader med sentral beliggenheit. Heile 14 av desse bustadane er integrerte i same bygg som sjukeheimen, noko som legg til rette for tett samarbeid og god kontinuitet i tenestene. Skjåkheimen og heimesjukepleia har felles nattevaktsteam, der 2 er stasjonert på Skjåkheimen og 1 i heimesjukepleia. 

Andel tilsette med fagutdanning er høg.  Skjåk kommune prioriterer lokalt og interkommunalt utviklingsarbeid.  

 Kvalifikasjonar 

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Førarkort klasse B 
  • Godkjent politiattest 

Anna relevant kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje skulle kome søkjarar med autorisasjon som sjukepleiar. 

Vi vektlegg at du  

  • er fagleg engasjert. 
  • har gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner. 
  • er initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet. 
  • bidreg aktivt til eit god arbeidsmiljø. 
  • er fleksibel, lojal og er ein lagspelar. 
  • arbeider for å oppretthalde kvardagsmeistring hjå brukarane. 
  • viser fleksibilitet i høve til omstillingar, er løysningsorientert og kan prioritere i ein travel kvardag. 
  • samarbeider med samarbeidspartar som; pårørande, Skjåkheimen, legevakt og spesialisthelsetenesta. 
  • har evne til å arbeide strukturert og målretta 
  • har god norskkunnskap, munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1). 
  • har generell forståing for bruk av informasjonsteknologi. 
  • dokumenterer i høve til lover og forskrifter. 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

 Vi tilbyr 

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale 
  • Pensjonsordning i KLP 

Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobiltelefon  489 97 924. 

 Søknadsfrist 4. januar 2026 

  • Elektronisk søknadsskjema 
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.  

 Kommunedirektøren 

 

 

 

Kontakt

Ingvild Mork
Tenesteleiar Skjåkheimen og heimesjukepleie
Telefon 489 97 924
Mobil 489 97 924