Sommarvikar som helsesekretær - Skjåk kommune

Sommarvikar som helsesekretær

Ser du etter ein lærerik og meiningsfull sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og mykje menneskekontakt? Skjåk legekontor søkjer engasjerte vikarar som vil bidra i ein spennande og triveleg arbeidskvardag sommaren 2026.

Vikar på legekontoret 

Skjåk legekontor treng vikarar for helsesekretærane i perioden frå 01.06.26 – 14.08.26. 
Perioden kan og bli forlenga i samband med oppdrag som tilkallingsvikar ved fråvær i samband med ferie og evt. sjukefråvær i tenesta. 

Vi søkjer etter deg som er sjukepleiar, helsefagarbeidar, eller deg som har erfaring frå/interesse for arbeid på legekontor. 
Om du er student innan helsefagleg utdanning, er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss i Skjåk kommune. 

Vi søkjer etter deg som er ansvarsbevisst, har evne til å arbeide sjølvstendig og blir motivert av å arbeide med folk.

Arbeidsoppgåver

  • Svare på telefon.
  • Ekspedisjon.
  • Laboratoriearbeid.
  • Post- og journalarbeid.
  • Assistere legane etter behov.

Kvalifikasjonar 

  • Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato for alle sommarvikarar
  • Det er eit ynskje at du kommuniserer tydeleg på norsk, både munnleg og skriftleg

Søkjarar over 18 år vil bli prioritert.  Vi oppmodar begge kjønn til å søkje.

Vi tilbyr

  • ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår, opplæring og moglegheit for allsidig erfaring på ein arbeidsplass i utvikling. 
  • Spanande og hektisk arbeidskvardag, med meiningsfulle oppgåver og eit godt arbeidsmiljø. 
  • Opplæring vil bli gjeve.

NB: Det er ynskje at du set opp i søknaden når du kan arbeide i sommar. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til 

  • kommunalsjef Inger Helene Brandsar telefon 90 12 31 65 
  • Kathrine Brandsar ved Skjåk legekontor på telefon 61 21 71 00 

Søknadsfrist 01.03.2026

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort

Elektronisk søknadsskjema

Kontakt

Inger Helene Brandsar
Kommunalsjef
Telefon 901 23 165
Kathrine Brandsar
Telefon 948 48 724