Vernepleiar/barnevernspedagog - Skjåk kommune

Vernepleiar/barnevernspedagog

Det er ledig 100% fast stilling som vernepleiar/barnevernspedagog frå 15.02.26, for tida ved  Skjåk barne- og ungdomsskule. Andre med relevant høgskuleutdanning er og aktuelle i stillinga.  

Skjåk kommune med ca. 2100 innbyggjarar ligg heilt vest i Ottadalen med kort avstand til landets flottaste og mest besøkte nasjonalparkar og elver. Kommunesenteret er Bismo. Skjåk kommune er ein aktiv kommune for næringsutvikling, turisme og ein siste tettstad før riksvegen tek deg over til Vestlandet. Kommunen har særs gode fasiliteter innan aktivitetar og friluftsliv. 

Skjåk barne– og ungdomsskule er ein kombinert barne – og ungdomsskule med 200 elevar på trinna 1–10. klasse. Skulen er lokalisert i Bismo sentrum og var nyrenovert i 2018. Skulen jobbar særleg med tidleg innsats, fagleg og sosial læring i eit inkluderande skulemiljø og utvikling av profesjonelle læringsfelleskap. 

 Arbeidsområde

  • Ansvar for oppfølging av elevar med særskilte behov gjennom skuledagen og på SFO.  
  • Ansvar for atferdsanalytisk arbeid.  
  • Bidra til å tryggje skulekvardagen.  
  • Samarbeid med pedagogar og pedagogiske medhjelparar, evt. andre instansar.  

Ønska kvalifikasjonar 

  • Utdanning som vernepleiar/barnevernspedagog eller anna relevant høgskuleutdanning.  
  • Erfaring frå arbeid med barn/personar med oppfølgingsbehov.  
  • Kunnskap om og erfaring med atferdsobservasjon, analyse og tiltak.  
  • Kunnskap om relasjonskompetanse og kommunikasjon med barn.  
  • Erfaring med miljøskapande arbeid for barn.  
  • Erfaring med sosial trening for barn.  

Personlige eigenskapar 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.  
  • Takle varierte arbeidsdagar.  
  • Evne til å opptre roleg og bestemt.  
  • Kunne sjå barnet sitt behov og bidra til ein trygg læringssituasjon.  
  • Lojal, ansvarsfull og inkluderande.  
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.  
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt. 

Vi tilbyr  

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale  
  • Pensjonsordning 

Tilsetting er betinga godkjent politiattest i henhald til opplæringslova.  
Kopi av vitnemål og attestar skal vere med til intervju. 

 Menn blir oppmoda om å søkje. 

 Ønskjer du fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med rektor Sjur Arne Lindby på tlf 92289139. 

 Søknadsfrist 10. januar 2026 

  • Elektronisk søknadsskjema  
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.    

Kommunedirektøren 

 

Kontakt

Sjur Arne Lindby
Rektor, Skjåk barne- og ungdomsskule
Mobil 922 89 139