Ordføraren

Klikk for stort bildeElias Sperstad Ordførar i Skjåk kommune er Elias Sperstad.

Om ordføraren i Skjåk 2015-2019:

Elias Sperstad (Sp) fødd i Skjåk i 1952. Gift med Aud Jorunn, fire barn og seks barnebarn. Har bakgrunn som røyrleggjar med meisterbrev. Valde seinare å gå over til journalistyrket, fyrst som radioreporter så allround-journalist i regionavisene Dagningen og GD. Interesser utanom jobb og samfunnsengasjement er jakt, friluftsliv og handverk.
 

«Ordførarens oppgaver og ansvar kan oppsummerast til å vere:

  • Leiar av møta i kommunestyret og formannskapet
  • Kommunens fremste offisielle representant med ansvar for å representere kommunen ved offisielle anledningar
  • Kommunens rettslege representant (kommunelovas §9.3)
  • Støttespelar og pådrivar i prosessar og holdningar som tener kommunens og innbyggjaranes interesser.»
 
I alle år har skjåkverane skjøtta bygda godt. Så godt, at storsamfunnet har verna om lag 80 prosent av det totale arealet på 2140 kvadratkilometer. Det er vi stolte over. Vi skal ta godt vare på fjellbygda vår i framtida også. Det i seg sjølv er ei stor oppgave. Utfordringane er store. Men dreg ein i same retning og lyftar i flokk, er det utruleg kva ein får til!

 

Det overordna målet for meg som ordførar i Skjåk er å bidra til at alle i kommunen skal ha det så godt som mogleg gjennom heile livsløpet. Hit skal det vera godt å kome, her skal det vera godt å bu. For å nå målet er det viktig å ha god dialog med bygdefolket slik at vi tek dei rette grepa. Derfor er det viktig for meg å vera tilstade. Lytte, ta initiativ til ei samtale. Vera viljug til å ta både den gode og den vanskelege samtala. Terskelen for å ta ein prat med ordføraren skal vera låg, om det er på kommunehuset eller ute på bygda.

 

Vi har det godt og fredeleg i Skjåk. Dei kommunale teneste er gode. Vi har eit næringsliv med stor breidde, med jordbruket som grunnpilaren. Med ein årsnedbør på under 300 millimeter er Skjåk landets nedbørfattigaste kommune. Men skjåkverane er kjende for å vera sjølvhjelpne, også med vatnarvatn. «Gjev Vår Herre oss sol, skaffar oss sjølve væte». 

 

Vi har god tilgang til attraktive bustad- og hyttetomter og næringsareal. Moglegheitene for å dyrke jakt-, fiske- og friluftsliv er særdeles gode. Vi har godt utbygde idrettsanlegg. Gode servicetilbod. Vi er gode på det meste. Men vi er ikkje flinke nok til å kommunisere det ut. Som ein ledd i å bli betre på dette området er det svært viktig med i god, lettfatteleg og oppdatert heimeside. Derfor ynskjer vi å få gode innspel frå deg. Skjåk kommunes heimeside skal vera ein viktig arena for alle som bur i kommunen. Og for alle som er nysgjerrige på den flotte fjellbygda.

Kontakt

Elias Sperstad
Ordførar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 958 35 907