100% vikarstilling som fagarbeidar - Skjåk kommune

100 % vikarstilling som fagarbeidar ved Skjåk barne- og ungdomsskule

Vikarstillinga er for tida ved Skjåk barne- og ungdomsskule og er ledig frå 15. februar 2026, og inntil eit år. Søknadsfrist 10. desember 2025.

Skjåk barne – og ungdomsskule er ein kombinert barne – og ungdomsskule med 196 elevar på trinna 1–10.klasse. Skulen er lokalisert i Bismo sentrum. Skjåk barne – og ungdomsskule var nyrenovert i 2018. Skulen har fokus på tidleg innsats, fagleg og sosial læring i eit inkluderande skulemiljø og utvikling av profesjonelle læringsfelleskap.

 Arbeidsområde

  • Ansvar for oppfølging av elevar med særskilte behov gjennom skuledagen og på SFO.
  • Oppfølging av atferdsanalytisk arbeid.
  • Bidra til å tryggje skulekvardagen.
  • Samarbeid med pedagogar og pedagogiske medhjelparar, evt. andre instansar.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som fagarbeidar eller anna relavant utdanning eller praksis.  
  • Erfaring frå arbeid med barn/personar med oppfølgingsbehov.
  • Kompetanse om relasjonsarbeid og kommunikasjon med barn.
  • Erfaring med miljøskapande arbeid for barn.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og vi vektlegg at du

  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • taklar varierte arbeidsdagar.
  • har evne til å opptre roleg og bestemt.
  • kan sjå barnet sitt behov og bidra til ein trygg læringssituasjon.
  • er lojal, ansvarsfull og inkluderande. 
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Vi tilbyr deg

  • Gode utviklingsmolegheiter både individuelt og som del av eit profesjonsfellesskap.
  • Ein variert arbeidsdag der du kan gjere ein forskjell for læring og utvikling hjå barn.
  • Tverrfagleg samansett personalgruppe med høg fagleg kompetanse og engasjement som hjelp og støttar kvarandre.
  • Løns- og arbeidsvilkår som er fastsett i lov- og avtaleverk.

 Tilsetting er betinga godkjent politiattest i henhald til opplæringslova. 

Kopi av vitnemål og attestar skal vere med til intervju.

Ønskjer du fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med rektor Sjur Arne Lindby på tlf 92289139.

 Søknadsfrist 10. desember 2025

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.   

Kommunedirektøren

Kontakt

Sjur Arne Lindby
Rektor, Skjåk barne- og ungdomsskule
Mobil 922 89 139