Bassenggruppe hausten og vinteren 2025 - Skjåk kommune

Bassenggruppe hausten og vinteren 2025

Fysio- og ergoterapitenesta i Lom og Skjåk inviterer til bassenggruppe i haust- og vintersesongen. Tilbodet er ein del av behandlinga frå tenesta. Oppstart er måndag 22. september 2025. Kontakt for påmelding.

Fysio- og ergoterapitenesta i Lom og Skjåk inviterer til bassenggruppe i haust- og vintersesongen. Tilbodet er ein del av behandlinga frå tenesta, og om du ikkje alt er under oppfølging, treng du ei kartleggingssamtale før oppstart.

Treninga blir leia av fysioterapeut og inneheld øvingar som styrkjer rørsle, musklar og kondisjon. 

  • Oppstart er måndag 22. september 2025 i varmtvassbassenget i Skjåkhallen. Eksakt tidspunkt for gruppene blir fastsett etter påmeldingsfristen, men treninga vil vere i tidsrommet kl. 13:20–15:00.

Praktisk informasjon

  • Påmeldingsfrist: 17. september 2025
  • Stad: Varmtvassbassenget, Skjåkhallen

Kontakt for påmelding eller spørsmål:

Vi ønskjer alle deltakarar velkomne til gode treningsøkter i varmtvassbassenget!