Eigenberedskapsveka er eit initiativ frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB). Målet er å gjere oss meir bevisste på korleis vi kan klare oss sjølve i minst ei veke dersom straumen, vatnet eller mobilnettet blir borte.
Å vere ein beredskapsven handlar om å bry seg – om å vite kven som kan trenge litt ekstra hjelp, og kven du sjølv kan støtte deg på. I distriktet vårt – Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja – har vi sterke lokalsamfunn og gode nabosamband. Det er ein viktig del av beredskapen.
Gjennom veka vil kommunane dele tips og råd som hjelper deg å førebu deg på kriser. Du får vite korleis du kan lage eit enkelt lager av mat og vatn, sikre varme og lys, og planleggje for at familien eller naboane skal klare seg betre om noko skjer.
Når du er førebudd, står både du, naboen og bygdene våre sterkare.
Følg med på kommunens nettsider og på dsb.no/egenberedskap for meir informasjon og gode råd.
Last ned sjekkliste for eigenberedskap (PDF, 507 kB)
Glenn Rokeberg/DSB