Ella Soglo er vinnar av årets kulturstipend - Skjåk kommune

Ella Soglo er vinnar av årets kulturstipend

– Årets kulturstipend går til ein person som legg ned mykje ressursar i sin hobby, og som har hatt «sjele» fine resultat det siste året, sa ordførar Edel Kveen

Kulturstipendet 2025 til Ella Soglo

Idrettsutøvar og løpar, Ella Soglo (17), vart overraska med Kulturstipendet 2025 under ei samling i Marlo grendahus. 

Ella Soglo, her saman med kulturansvarleg i Skjåk kommune, Marianne Stensgård, og ordførar Edel Kveen. Tom Erik Solstad / Mediehuset Fjuken

Ordførar Edel Kveen delte ut stipendet og framheva både innsatsen og dei sterke resultata hennar det siste året. Tildelinga fann stad etter framsyninga av «Emil i Lønneberget». 

Det er formannskapet som behandlar dei innkomne forslaga og til slutt peikar ut årets mottakar av Kulturstipendet, og ordførar Edel Kveen opplyste at utvalet var heilt samde i valet av vinnar. 

 Ella har hevda seg med bl.a. fleire fyrsteplassar i springing. Konkurranser som Kolbottmila, Melshornløpet, Kvitfjell Opp og Ottaløpet. Ho sjølv vart svært overraska over tildelinga og fortel at ho berre nyleg har satsa skikkeleg på løping. Kulturstipendet er på 10.000 kroner.

Skjåk kommune gratulerer og ser fram til å følgje utviklinga vidare!

Prisvinnar Ella Soglo og ordførar Edel Kveen i fullsatt Marlo grendehus Tom Erik Solstad / Mediehuset Fjuken

 

 

 

 

 

 

Nokre resultat for Ella kan du sjå vedlagt under.

 

Retningsliner og bakgrunn for stipendet

Skjåk kommune kan kvart år dele ut eit kulturstipend. Siktemålet er å støtte og oppmuntre personar som har særskilde evner eller interesser innan kulturfeltet i vid tyding. I tillegg til sjølve stipendet får vinnaren også diplom.

Kandidaten må vere busett i, eller ha annan naturleg tilknyting til, Skjåk. Den som får stipendet kan bli beden om å gi skriftleg rapport om korleis midlane blir brukt.

Det første kulturstipendet vart delt ut i 1995 til U.L. Fram, og årleg tildeling har sidan vore ein viktig måte for kommunen å heidre lokal kulturinnsats på.

Kulturstipendet og Skjåkprisen 2025 vart kunngjort gjennom annonsar på heimesida til Skjåk kommune og i kommunens sosiale mediekanalar.

 

Les også: Skjåkprisen

Skjåkprisen for 2025 gjekk til TAFI (Tverrfaglig Arbeidsgruppe for Framtidsskolen i Innlandet), og prisen vart delt ut under gjevarfesten i Skjåkhallen i oktober. TAFI blei heidra for innsatsen i den omfattande skulekampen, der foreininga samla brei støtte, mobiliserte lokalsamfunnet og løfta viktige utdanningsspørsmål på ein konstruktiv og samlande måte. 

Fra venstre, Arild de Presno, Morten Kielland, Eivind Maurstad Husom, Hanna Flækøy Skjåkødegård, Egil Håvard Moen, Ragnhild Hesla Breie, Sondre Morken Bøye og ordførar Edel Kveen. Vigdis Kroken/Fjuken