Felles beredskapsmøte med Lom kommune, Skjåk kommune og kyrkjekontora
19/3-20: Politiet fortel i ei pressemelding at kyrkja i Sel vart forsøkt påtent natt til torsdag. Ingen er mistenkt i saka.
Denne hendinga har gjort at Lom kommune og Skjåk kommune set i verk ekstra vakthald ved kyrkjene våre.
 
  
Torsdag 19.03.20 kl 14
Vi er i ein alvorleg situasjon med beredskap og brannfare for kyrkjene våre. Ordførarane i Skjåk og Lom ser at vi har mykje felles i denne saka, som t.d. brannsjef, politikontakt, eksterne styrkar. Vi kallar difor inn til felles beredskapsmøte for å planleggje for denne trusselen mot kyrkjebygga våre.
Konklusjon:
Kyrkjekontora organiserer tilsyn og nattevakt framover, oppstart torsdag 19.03. I fyrste omgang er det kyrkjelege fellesråd som blir engasjert.
Vi oppmodar sambygdingar til å melde seg som friviljuge vakter
	- Kontakt kyrkjekontoret i Skjåk: tlf.: 97 16 15 60  eller på facebook
- Kontakt kyrkjekontoret i Lom: tlf.: 48 16 55 27  eller på facebook
    
      
        Publisert av Sigrun  Eide
        Publisert 19.03.2020 17.52