Om kurset
Det vil bli både teori og praksis på gard i temaene på kurset. Kurset passar både for deg som er heilt ny, og deg som har litt erfaring, og aldersgrense er 15 år (f.o.m. 9. klasse). Kurset er gratis, og arrangert av Ottadalen Avløysarlag, Skjåk Avløysarlag og landbrukskontoret i Lom og Skjåk
Tema
- Mjølking og mjølkekvalitet v/TINE
- Foring av ku og kalv v/TINE
- Kva ser du etter som avløysar i eit fjøs; brunst, sjukdomsteikn etc v/veterinær
- “Kva forventar eg av avløysaren min?” v/gardbrukar
I tillegg skal alle gjennomføre minst 5 økter med fjøsstell på ein gard med manuell mjølking.
Praksisgard
Du kan ordne praksisgard sjølv (ikkje eigen heimgard), eller vi finn ein for deg. Det må vere ein gard med manuell mjølking på bås eller i mjølkegrav. Om det er praktisk mogleg kan gjerne ei praksisøkt vere i forkant av teoriøktene.
- Kurset går over to kveldar i veka i veke 45 og 46
- Praksis i veke 47 og 48
- Avslutning med pizzakveld og utdeling av kursbevis i veke 49
- Program vil bli sendt ved påmelding. Du får arbeidsklede og sko.
Påmelding
Meld deg på ved å sende e-post til landbrukskontoret v/Ragnhild Løkken: ragnhild.lokken@skjaak.kommune.no
Oppgje følgande ved påmelding:
- Namn
- Adresse
- Fødselsdato
- Telefonnummer
- Skostorleik
- Storleik på arbeidsklede (S-M-L)
- Om du sjølv ordnar praksisgard (og isafall kven), eller om du treng at vi ordnar med det.
Påmeldingsfrist 15. oktober.
Skjåk kommune