Om medlemskapet
Næringsnettverket i Skjåk (NiS) har som mål å vere ein møteplass og ressurs for lokale verksemder, med fokus på fagleg utvikling, nettverksbygging og synleggjering av næringslivet.
Som medlem i NiS får di bedrift mellom anna:
- Tilgang til møteplassar og nettverk med andre verksemder i Skjåk
- Gratis eller rabattert deltaking på faglege samlingar, bedriftsbesøk og inspirasjonsturar
- Moglegheit til å profilere verksemda di gjennom nettverket sine kanalar og arrangement
Dei fleste verksemdene vil få tilsendt invitasjon og faktura direkte.
Dersom du ikkje har mottatt invitasjon, men ønskjer å bli med, kan du ta kontakt på e-post til: post@næringsnettverk.no
Vi i Skjåk kommune oppmodar alle næringsdrivande til å melde seg inn i nettverket. Dette er eit viktig steg for å sikre samarbeid, utvikling og vekst for heile næringslivet i bygda.