Mjølkemaskina på film - Skjåk kommune

Mjølkemaskina på film

Har du høyrt historia “Mjølkemaskina”? No kan du sjå ein film der forfattaren Finn Sandum sjølv fortel denne populære forteljinga.

Bilde av Finn Sandum og Inger Synnøve Killie - Klikk for stort bildeFinn Sandum og Inger Synnøve Killi på Skjåk folkebibliotek Skjåk folkebibliotek

Humoristisk film og bok

Filmen er laga av Skjåk folkebibliotek i samarbeid med Finn Sandum, som ein del av prosjektet “Aktiv formidling”, støtta med prosjektmidlar frå Innlandet fylkesbibliotek. Opptaket vart gjort i studioet på kommunehuset i Skjåk, og vi på  biblioteket har stått for redigering og teksting av filmen.

Prosjektet er òg knytt til den nyleg utgjevne boka “Det hende så mangt… ” av Finn Sandum. Boka inneheld seks humoristiske forteljingar – sanne, eller kanskje berre nesten sanne – og er illustrert av Inger Synnøve Killi. Dette er nok ei bok mange vil finne under juletreet i år.

I samband med utgjevinga vart det halde boklansering på Skjåk folkebibliotek 4. november. Arrangementet samla fullt hus, og publikum fekk oppleve ein Finn Sandum som delte raust av sine gode historier, til stor latter og glede.

God film!