Innføring i rettleiing - Fagskulen Innlandet
I januar 2026 startar Fagskulen Innlandet opp modulen Innføring i rettleiing på Otta – eit deltidsstudium over 12 veker som gir 10 studiepoeng. Studiet er i samarbeid med Karriere Innlandet og er spesielt tilpassa deg som bur og arbeider i Gudbrandsdalen.
– Dette er ei unik moglegheit for fagarbeidarar, instruktørar, teamleiarar og andre som har ansvar for opplæring og rettleiing på arbeidsplassen. Kompetanse i rettleiing er etterspurt både i helse- og oppvekstsektoren og i privat næringsliv.
Kva lærer du? Studiet gir innsikt i:
• Rolla som rettleiar
• Kommunikasjon og relasjonskompetanse
• Metodar og modellar for god rettleiing
• Refleksjon over eigne verdiar og væremåtar
Undervisninga kombinerer nettbasert læring med fysiske samlingar, og krev ingen tidlegare høgare utdanning – berre fullført vidaregåande opplæring med fagbrev eller yrkeskompetanse.
Praktisk informasjon:
• Oppstart: 20.–22. januar 2026 på Otta
• Søknadsfrist: 14. desember 2025
• Studieavgift: kr 400,-
Søk no – og bli ein trygg og reflektert rettleiar! Les meir på Fagskulen Innlandet