Ope møte - Eitt år sidan storflommen i Skjåk
Skjåk kommune inviterer til ope møte på Skjåk Turistheim tysdag 29. oktober kl 19.00.
 
  
Program
	- Ordførar Elias Sperstad vil innleiingsvis gjev attendeblikk på flommen 14. og 15. oktober i fjor. Kva skjedde, og korleis står det til i dag?
- Representantar frå NVE vil orientere om kva dei har gjort i Skjåk i året som har gått etter flommen, og om arbeidet som står att. 
- Fylkesmannen i Innlandet vil gje status om opprydding av Glasopor og anna langs vassdrag.
- Skjåk kommune vil orientere om arbeidet med flomsikring av Bismo. 
Tema for møtet blir også kven som har ansvar for flom- og skredsikring av private eigedomar, og korleis ein skal gå fram for å sikre eigen eigedom. 
Det blir høve til å stille spørsmål og koma med innspel. 
    
      
        Publisert av Sigrun  Eide
        
          Sist endret 03.09.2025 12.38