Skjåk kommune på MOT si eldsjelsamling - Skjåk kommune

Skjåk kommune på MOT si eldsjelsamling

Skjåk kommune deltok nyleg på MOT Norges årlege eldsjelsamling på Stjørdal, der temaet var robustheit.

MOT eldsjelsamling

Gjennom programma Skolen som samfunnsbygger og SUPER!! arbeider vi for å skape robuste, trygge og inkluderande miljø for barn og unge. 

Samlinga gav både inspirasjon, fagleg påfyll og nye idear vi tek med oss inn i det lokale MOT-arbeidet i Skjåk. Frå hausten 2025 har vi utvida frå å ha MOT på ungdomssteget, til også å køyre programmet SUPER!! på småsteget. Tidlegare i haust har MOT vore i Skjåk og hatt foreldremøte, og dei hadde også ein heil planleggingsdag da skulen starta opp i haust. 

På eldsjelsamlinga var høgdepunktet å få vere tilstades da Syver Blindheim frå Team Pølsa vart utnemnd til MOT-ambassadør i kraft av det viktige førebiletet han er.

 

bilde av ansatte i Skjåk kommune på MOT sin ildsjelsamling - Klikk for stort bildeFrå venstre kommunalsjef Kari Anne Skjaak, MOT-coachane Elisabeth Jevnheim og Elin Skjåk Haugen, rektor Sjur Lindby Skjåk kommune