Skjåk og 500 andre set fokus på sensur og ytringsfridom - Skjåk kommune

Skjåk og 500 andre set fokus på sensur og ytringsfridom

Forbodne bøker-veka

Ytringsfridomen er stadig under press. Litteratur blir forboden og undertrykt også i demokratiske samfunn. Bøker er ein av dei viktigaste måtane å spreie tankar og idear på. Sensur avgrensar vår tilgang til litteratur og kunnskap. Forbodne bøker-veka blir markert kvart år i fleire land for å setje fokus på dette og for å feire fridommen til å lese det vi vil. Skjåk folkebibliotek og 500 andre bibliotek, litteraturhus, organisasjonar og bokhandlarar er med på markeringa i veke 41.

Ei utstilling med Forbodne bøker - Klikk for stort bilde"Forbodne bøker-veka" 2025 - ei utstilling i Skjåk

Når ei bok vert forboden, er det òg ein freistnad på å forby tankane og ideane ho formidlar. Det svekkjer demokratiet!

Overalt i verda og til alle tider har det vore ulike former for sensur. Styresmakter, interessegrupper og religiøse, kulturelle og sosiale rørsler har sensurert eller prøvd å fjerne bøker eller boksamlingar frå det offentlege rommet. 

Samstundes finst det bøker med innhald som sårar og provoserer. Kvar går grensa for kva ein skal tole? Kven skal bestemme kvar denne grensa går? Her er det mange spørsmål vi må finne svar på i fellesskap. Så les ei forboden bok, finn ut kva du sjølv meiner og synest, og ta del i debatten! 

Velkomen innom for å sjå utstillinga med forbodne bøker på Skjåk folkebibliotek.
 

Logo Forbodne bøker - Klikk for stort bilde

 

 

Forbodne bøker-veka

  - ei årleg markering som skal setje ljos på sensur, ytringsfridom og demokrati. Tiltaket starta i USA i 1982 som Banned Books Week, og vart første gong arrangert i Noreg i 2024.

 Her i Noreg blir veka koordinert av Universitetsbiblioteket i Oslo, i samarbeid med Norsk PEN, Norsk bibliotekforeining og fylkesbiblioteka, med støtte frå UiO:Demokrati og Fritt Ord.

 

Bokutstilling: Forbodne bøker - Klikk for stort bildeFrå utstillinga "Forbodne bøker" i Skjåk