Støtte til kultur- og naturbaserte arrangement i 2026
Tilskotsordninga skal stimulere til kultur- og naturbasert næringsutvikling i Nord-Gudbrandsdal. Dette betyr å støtte arrangement og aktivitetar med kommersielt fokus som tek utgangspunkt i regionen sin natur- og kulturarv.
Målet er å:
- Utvikle og modernisere opplevingsnæringar i regionen.
- Skape økonomiske ringverknader gjennom aktivitetar som genererer inntekter til lokalsamfunnet, til dømes overnatting, servering, transport, varehandel og honorar til frivillig sektor.
- Styrke verdiskaping og samarbeid mellom aktørar i kultur-, natur- og reiselivsnæringane.
Retningsliner for å søke
Løyvingar skal tildelast etter desse retningslinene:
- Aktiviteten skal ha privat eller friviljug eigarskap.
- Aktiviteten skal ha kommersielt fokus som gjev økonomisk effekt for bedrifter og/eller frivillig sektor.
- Årvisse aktivitetar med underskot over fleire år må vise til nødvendig omstilling/utvikling for å bli prioritert.
- Arrangør skal leggje fram eit budsjett med minimum 50 % eigeninnsats i form av billettinntekter, salsinntekter, eigenkapital og/eller arbeidsinnsats.
- Aktiviteten skal eigast av ein registrert organisasjon (registrert i foretaksregister eller frivilligheitsregister). Som hovudregel skal forretningsadresse vera i Nord-Gudbrandsdal.
- Kostnader til fysiske investeringar kan ikkje vera ein del av søknadsgrunnlaget
- Aktiviteten skal gjennomførast i Nord-Gudbrandsdal.
- Aktiviteten bør ha eit langsiktig perspektiv med utviklingspotensial.
- Aktivitetar som fremjar samarbeid blir prioritert.
Søknadsskjema (PDF, 83 kB)
Søknadsfrist: 01.02.2026.
Søknaden med budsjett og finansieringsplan sendast til: e-post@regionkontoret.no