Telenor moderniserer mobilnettet! (tekst er henta frå informasjonsbrev frå Telenor og omsatt til nynorsk)
Telenor har desidert flest basestasjonar i mobilnettet – noko som gir dekning i verdsklasse! No blir mobilnettet oppgradert slik at fleire får tilgang til 5G og endå betre kapasitet på 4G. Oppgraderinga skjer ved at basestasjonane blir oppgradert. I området denne basestasjonen dekkjer, vil det under oppgraderinga vere lågare kapasitet og i periodar ingen dekning. Dette gjeld berre i område der ein ikkje har overlappande dekning frå ei anna basestasjon.
Det er no planlagt arbeid på ei basestasjon i ditt område med oppstart 08.09.2025 og forventa ferdig 11.09.2025. Arbeidet har referansenummer: 42860.
Under ser du eit kartutsnitt av området som kan oppleve periodevis redusert kvalitet eller manglande dekning i samband med arbeidet.
- Oransje farge = kapasiteten kan bli redusert
- Raud farge = dekninga kan forsvinne heilt
Skjermdump_kartutsnitt
Vedlagt finn du ei liste over adresser som blir råka (PDF, 73 kB). Telenor varslar kundar som har tenestene trådlaust breiband og mobilabonnement direkte dersom vi forventar at dei mister dekning på registrert adresse.
For meir informasjon gå inn på nettsida om dekning og utbygging frå Telenor.
Med venleg helsing
Telenor Noreg AS