Mange innbyggjarar har reagert på at dei har fått to fakturaer for kommunale gebyr med kort tids mellomrom. Årsaka er at fakturaen for 3. kvartal (1. juli–30. september) vart forseinka på grunn av problem hjå ein underleverandør. Denne fakturaen fekk forfall 15. oktober.
Nå har faktura for 4. kvartal (1. oktober–31. desember) blitt sendt ut, med ordinært forfall 15. november. Dette gjer at mange no får to fakturaer tett etter kvarandre i tid.
Kommunen beklagar ulempene forsinkinga har ført til.
Les meir om same sak i tidlegare artikkel om fakturautsendinga.