Vikarstilling som helsesekretær
Skjåk kommune har ledig 100 % vikarstilling frå 26. januar 2026 til 4. januar 2027. Stillinga er for tida delt mellom to tenesteområde. Søknadsfrist 11. desember 2025.
Fordeling av stillinga er i snitt fire arbeidsdagar i veka på legekontoret og arbeid på Skjåkheimen kvar tredje helg.
Arbeidsområde
Legekontor
- Laboratoriearbeid
- Besvare telefon og koordinere avtalebok
- Assistere legane
Skjåkheimen
- Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen.
- Du vil arbeide i ordinær turnus og følgje dagsplanen på sjukeheimen i dei vaktene du har der.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som helsesekretær, helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning
- Godkjent politiattest
- Førarkort klasse B
Vi vektlegg at du
- har god teknologisk forståing og gode digitale ferdigheiter.
- er strukturert og ryddig.
- er serviceinnstilt og løysingsorientert.
- har erfaring frå liknande arbeid.
- viser engasjement, fleksibilitet og kan prioritere i ein travel kvardag.
- har evne til å arbeide sjølvstendig.
- har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- har gode samarbeidsevner.
- har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Kopi av vitnemål og attestar skal vere med til intervju.
Spørsmål kan rettas til Ingvild Mork mobil 489 97 924 eller Inger Helene Brandsar 90 123 165.
Søknadsfrist 11. desember
- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.
Kommunedirektøren
Sist endret 19.11.2025 14.22