Informasjon om sentrale rettar - Oppdatert informasjon om Pasient- og brukarombodet - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Informasjon om sentrale rettar - Oppdatert informasjon om Pasient- og brukarombodet

I årsmeldinga til pasient- og brukaromboda i 2018 gjekk det fram at utilstrekkeleg informasjon om rettar er eit element i dei fleste førespurnadene omboda får. Dette gjeld både i møte med spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Informasjon om sentrale rettar 

Helsedirektoratet har bede oss publisere brevet, Informasjon om sentrale rettigheter for pasienter, brukere og pårørende i den kommunale helse- og omsorgstjenesten, med tilhøyrande lenker til nyttige informasjonssidar og rettleiingsmateriell for pasientar, brukarar og pårørande som er i kontakt med helse- og omsorgstenesta, og for saksbehandlarar og anna personell i tenestene.

Med dette skrivet ønskjer Helsedirektoratet å bidra til at sentrale rettar for pasientar, brukarar og pårørande kan bli betre kjende for personell i den kommunale helse- og omsorgstenesta, og for pasientar, brukarar og pårørande sjølve. Nedanfor har vi derfor sett opp ei oversikt over nettsider og publikasjonar med informasjon om sentrale rettar m.m. i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Vedlegg:

Oppdatert informasjon om Pasient- og brukarombodet