Kriterier for tildeling av omsorgsbustad
Bismotunet bufellesskap
Skjåk kommune
Ein omsorgsbustad er einfellesnemning på bustader som i sin utforming har ulike tilpassingar, som skal bidra til at bebuarane i større grad skal kunne meistre sin kvardag på ein tilfredsstillande måte. Ein omsorgsbustad er ein bustad som er tilrettelagt for orienterings- og rørslehemma.
- Det må føreligge ein skriftleg søknad.
- Søkjar har behov for eit trygt bumiljø.
- Søkjar har behov for tilrettelagt bustad i forhold til funksjonshemming slik at han/ho kan oppretthalde evna til sjølvhjelp og derfor ha eit mindre behov for hjelp til daglegdagse og praktiske gjeremål.
- Søkjar har eit omsorgsbehov, og spesielt behov for nærleik til tenestetilbodet.
- Det blir forventa at søkjar kan ha eit leigeforhold over tid.
- Søkjar må vere heimehørande i Skjåk.
- Søkjar sin nåverande bustad må vere vurdert i forhold til han/ho sitt funksjonsnivå.
- Bustadsforvaltningsnemda skal kunne vurdere behov for bustad til den enkelte opp mot <lei bustadane ein har til disposisjon, slik at bustadane kan bli nytta til det beste for den enkelte og slik at kommunen har høve til å yte best mogleg tenester. Likeeins å vurdere behovet for bustad for pasientar på Skjåkheimen som ikkje kan greie seg i eigen bustad, men som vil kunne fungere i tilrettelagt bustad.
- Ved tvil om behovet for omsorgsbustad, skal ein nytte IPLOS-kriteriar som eit ledd i vurderinga av tildelingsgrunnlaget(IPLOS er eit kartleggingsverktøy for vurdering av fysisk og psykisk funksjonsnivå hjå brukarar).
Tilbod om omsorgsbustad er ikkje lovpålagt, men i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenesteloven m.m. § 3-7 står det:
Sist endret 08.04.2025 12.50