Praktisk bistand/heimehjelpKommunen skal tilby praktisk bistand/heimehjelp og opplæring i daglege, praktiske gjeremål til brukarar som har eit særs hjelpebehov på grunn av sjukdom eller funksjonshemming. Slik søkjer du om praktisk bistand /heimehjelpLom og Skjåk tildelingskontor tildeler praktisk bistand/heimehjelp etter individuell kartlegging og tverrfagleg vurdering.Kva kostar det?Det vil bli kravd eigenbetaling for praktisk bistand/heimehjelp innafor rammene av eigenbetalingssatsar for praktisk bistand/heimehjelp og opplæring som er vedteke av kommunestyret. Dette blir justert årleg av kommunestyret i Skjåk kommune. Saksbehandlar brukar di nettoinntekt for å avgjere kor mykje din eigenandel er.LovgrunnlagPraktisk bistand/heimehjelp er ei lovpålagt teneste etter Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 fyrste ledd nr. 6, bokstav b, og § 11-2 om rett til å krevje vederlag for kommunale helse- og omsorgstenster. Forvaltingslova.Rett til å klageDet er mogleg å klage på vedtaket, jmf. Forvaltingslova § 28. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor innan 3 veker frå vedtaket er motteke. Lom og Skjåk tildelingskontor kan hjelpe deg med å skrive klaga. Informasjon til deg som får tenesta praktisk bistand/reinhald til reinhald (PDF, 213 kB) Sist endret 06.05.2025 14.11