Borgarleg vigsel i Skjåk kommune

Frå 1. januar 2018 overtok kommunen ansvaret for gjennomføring av borgarleg vigsel. Dette betyr at tingretten eller byfogden ikkje lenger skal ha denne oppgåva.

Vigslarar

Ordførar og varaordførar har etter lova mynde til å vigsle eit brurepar, men i tillegg har kommunalsjef Hilde Reitan mynde som vigslar frå 1.1.2018.

Vilkår

Det er visse vilkår i ekteskapslova som skal vera oppfylte for at ein skal kunne gifte seg, sjå kapittel 1 – Vilkår for å inngå ekteskap i lovdata.

Kostnad

Vigselstilbodet er gratis for kommunens eigne innbyggjarar.  Det same gjeld personar som ikkje er busette i Norge, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap her.  Kommunen kan ta betaling for nødvendige meirkostnader dersom det blir gjeve tilbod om vigsel ut over det vanlege tilbodet om tid og stad.      

Det er tilstrekkeleg at ein av brurefolka er busett i kommunen (registrert i folkeregisteret) for at plikt om gratis vigsel skal gjelde. Kommunen kan sjølv bestemme om det skal gjevast tilbod til innbyggjarar i andre kommunar, og vedta reglar for betaling for nødvendige kostnader til vigselen. Vigseltilbodet omfattar også innbyggjarar i andre kommunar enn Skjåk

Kvar held Skjåk kommune vigslar

Ordførarkontoret er lokal for vigselseremonien, alternativt kommunestyresalen eller møterom Bispen dersom brurefolka ønskjer det. For vigsling i andre lokal, og til andre tider, må brurefolka dekkje kommunen sine faktiske meirkostnader. 

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway