Informasjon ved ein atomulykke

Jod-tablett - Klikk for stort bilde

Skjåk kommune har eit bedredskapslager med jod-tablettar

Jod-tablettar

Ved ei eventuell atomulykke kan jod-tablettar brukast for å unngå skader som følge av radioaktivt nedfall. Tablettane verkar ved å tilføre kroppen så mykje naturleg jod at opptaket av radioaktivt jod vert blokkert. Dette gjeld i hovudsak barn, unge, gravide og ammande. Personar over 40 år tek i svært liten grad opp jod, og vil difor ikkje ha bruk for jod-tabletter ved ei ulykke.

Ei slik atomulykke er heldigvis lite truleg. Likevel har atomberedskap vorte aktualisert på grunn av krigen i Ukraina.

Skjåk kommune har eit bedredskapslager

Skjåk kommune har eit bedredskapslager med jod-tablettar. Dette lageret er stort nok til å dekke befolkninga sitt behov og vil bli distribuert ved ei eventuell ulykke.

Bruk ditt sosiale nettverk

Mange har allereie jodtablettar heime, og i pakningane er det fleire tablettar enn det ein sjølv treng. Kan du dele med andre? Eller er det andre som kan dele med deg? Å sjølv ta initiativ til å dele opp forpakning er eit solidarisk og godt tiltak.

Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit

I tillegg til kvar kommune sitt beredskapslager av jod, så tilrår Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit at kvart hushald har jod-tablettar tilgjengeleg. Per i dag er det på grunn av stor etterspørsel vanskeleg å oppdrive slike tablettar på apoteka. Dette vil truleg betre seg etter kvart. Jod-tablettar til bruk ved atomulykker er ikkje det samme som kost-tilskot som inneheld jod. Slike kost-tilskot førebygger ikkje skader etter atomulykker.

Det vil komme varsel frå myndigheitene dersom det skulle bli bruk for å ta jod-tablettar.

Det er ikkje hensiktsmessig å ta jod-tabletter før ei eventuell ulykke.

Kontakt

Inger Helene Brandsar
Kommunalsjef
Telefon 901 23 165