Reglar og retningslinjer for svømmehallen - Skjåk kommune

Reglar og retningslinjer for svømmehallen

For at alle skal oppleve tryggleik og trivsel i svømmehallen, er det nødvendig med reglar og retningslinjer som alle må følgje. 

Slik slepp du å lukte klor


Dusj: Dusj naken, med såpe og vann, før du går i bassenga. Klor festar seg på bakterier og såperestar, men ikkje på en rein kropp.
Bad: Er alle reine før dei badar, blir miljøet i vatnet og lufta betre, noko alle har glede av!
Dusj: Skyll deg etter bading, før du tar på såpe. Om ikkje får du klorlukt på kroppen.

Henvend deg til resepsjonen om du behøver å nytte HC-garderoben.

Hygiene

  • Dusj naken. Før ein går inn i svømmehallen og badstue skal alle dusje utan klede, og hår og kropp skal vaskast med såpe.
  • Det er ikkje lov med undertøy under badekleda.
  • Personar med smittsame sjukdomar, opne sår, bandasjer/plaster skal ikkje vere i bassenga. Bandasjar og plaster må fjernast før ein dusjar og badar.
  • Det er forbode å barbere seg i dusj/garderobe.
  • Alle badande må nytte badetøy.
  • Har du langt hår, bruk helst hårstrikk eller badehette i bassenga.

Badstue

  • Dusj før bruk av badstue. (det er eigen dusj i hallen)
  • Bruk handkle på benk

Garderobane

  • Sko skal du ta av deg når du kjem inn i garderoba
  • Dine eigedelar har du sjølv ansvar for. I alle garderobar er det garderobeskap utan lås. Ønskjer du å låse skapet må du ta med deg eigen hengjelås. 
  • NB: Låsar som heng på skap etter stengetid, vil bli klipt, og innhaldet i skapet kan bli fjerna.
  • Ikkje ta med knusbare flasker i garderobe, badstue eller svømmehall.

Sikkerheit

  • All bading og opphald i svømmehall skjer på eige ansvar. 
  • Dei som ikkje er svømmedyktige og barn under 10 år skal alltid ha med seg en svømmedyktig, badande vaksen på minst 18 år i bassenget.
  • Det er ikkje lov å springe i hallen.
  • Det er ikkje lov å bruke dykkermaske m/glass i bassenget (kun plast). Snorkel er ikkje tillatt.
  • Det er ikkje lov til å skubbe andre, eller drage andre under vatn.
  • Det er ikkje lov med mat og drikke eller tyggegummi og snus i svømmehallen.
  • Det er foto/film-forbud i svømmehallen. Om du ynskjer å fotografere eller filme i svømmehallen, må det avklarast med badevakta før bading.

Tilgang og bortvisning

  • Du må ha gyldig billett for å få tilgang til svømmehallen.
  • Rusa personar har ikkje tilgang. Det er forbode å nyte rusmiddel av noko slag i lokala.
  • Hærverk på bygning, inventar og utstyr medfører erstatningsansvar.
  • Alle besøkande skal rette seg etter det badevaktene seier. 
  • Brot på reglane, eller uakseptabel åtferd kan føre til bortvising.

Opningstider

  • Måndag kl. 17.00 - 21.00
  • Tysdag kl. 17.00 - 21.00
  • Fredag kl. 17.00 - 21.00
  • Laurdag kl. 10.00 - 14.00