Skjåkhallen

Handballturnering i Skjåkhallen   

Skjåkhallen og svømmehallen opnar 17. januar 2022.
Etter endring i smittevernreglane i går opnar vi for meir bruk av Skjåkjhallen. Det er nå opna for grupper inntil 20 personar både for barn og ungdom under 20 år og vaksne. Dvs at all aktivitet både i idrettshall og svømmehall kan starte opp att frå måndag 17. januar. Det skal framleis være 1 m avstand (2m for vaksne ved intensiv trening) og maks 12 personar i garderobane.

REGLAR

Skjåkhallen generelt

  • Alle brukar- og utleigeforhold skal bestillast gjennom servicetorget på kommunehuset.
  • Det skal skrivast leigeavtale for all bruk av Skjåkhallen. Unnateke frå denne regelen er skule og barnehagar, bruk i regi av Skjåk il etter oppsett timeplan og arrangement/tilstellingar kommunen arrangerer i eigen regi.
  • Betaling for leige/bruk av Skjåkhallen for alle leigeavtaler etter vedtekne satsar. Satsane blir fastsett av kommunestyret.
  • Skular og barnehagar har bruksrett på heile Skjåkhallen. Brukstida for skule og barnehagar er i skuletida med tilpassingar etter arbeidstida for driftspersonalet.
  • Sikkerheit og brannvernarbeid er obligatorisk for alle brukarar. Alle brukarar forpliktar seg å setja seg inn i sikkerheitsreglar, branninstruks og delta på brannøvingar.
  • Brukarane har ansvar for rydding i Skjåkhallen etter sitt bruk.
  • Brukarane er ansvarlege for at dører er lukka og låste etter bruk.
  • Brukarar av Skjåkhallen kvitterar for nøkkelkort og betaler depositum etter gjeldande satsar.

Idrettshallen

  • Utanom skuletid har lag/grupper frå Skjåk il fyrsteprioritet.
  • Skjåk il melder inn til servicetorget ynskjer om halltider innan utgangen av juni kvart år. Skjåk il er sjølve ansvarlege for fordelinga av tider mellom gruppene.
  • Idrettshallen har standardutrustning med handballmål. Desse skal væra på plass etterpå, uansett bruksformål.
  • Fellesutstyr står til disposisjon for alle brukarar av idrettshallen. Feil eller skade på fellesutstyr skal meldast driftansvarleg.
  • Lag/grupper har ansvar for opprigging og tilordning for sin aktivitet. Gjeld for både idrettshall og garderobar.

2. etasje Skjåkhallen

  • Skjåk idrettslag melder inn til servicetorget ynskjer om brukstid innan utgangen av juni kvart år. Skjåk il er sjølve ansvarlege for fordelinga av tider mellom gruppene.
  • Private spinninggrupper gjer avtale med servicetorget om halltid. Det skal utpeikast ein ansvarleg for kvar spinninggruppe. Skjåk kommune eig og har ansvar for drift og vedlikehald av spinningsyklane.
  • Feil og manglar som blir oppdaga på spinningsyklane skal meldast til driftsansvarleg.

Sanksjonar mot brot på retningslinjene blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway