Vi ynskjer sola velkomen attende til Skjåk med ein lågterskel kulturfestival i veke 10.

Solfestival i Skjåk
Det er eit rikt kulturliv i Skjåk med mange aktive lag og foreiningar. Desse har både faste samlingar gjennom året og enkeltarrangement. Vi som jobbar på biblioteket og med kultur i Skjåk kommune, ynskjer å lage ein lågterskel kulturfestival for både barn, ungdom og vaksne. Dette er tidfesta veke 10. Da har sola kome attende på dei fleste plassane i Skjåk!
Vi ynskjer sola velkomen attende og samlar ulike delarrangement i ein kulturfestival, der vi syner fram noko av alt det vi held på med i Skjåk.
Sist endret 22.01.2025 10.46