Kulturminnevern

Kulturminne er alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø og lokalitetar det er knytt historiske hendingar til.

Materielle kulturminne

Materielle kulturminne er alle spor etter menneskjeleg verksemnd i vårt fysiske miljø og lokalitetar det er knytt historiske hendingar til.

Vi registrerar alle nyare og automatisk freda kulturminne. I fjellet ligg det mange kulturminne som ikkje er funne enno. Dersom du kjem over eit kulturminne, er vi takksame om du kartfester det og tek nokre bilder.

Automatisk freda kulturminne

Automatisk freda kulturminne er alle kulturminne før reformasjonen i 1537, myntar og bygningar frå før 1650 og samiske kulturminne eldre enn 100 år. Desse objekta er freda direkte etter kulturminnelova utan fredningsprosedyre med tinglysing. 

Vedtaksfreda kulturminne

Riksantikvaren kan frede bygningar, anlegg og eit område rundt eit freda kulturminne yngre enn 1536. Miljøverndepartementet har heimel til å frede kulturmiljø. Fylkeskommunane har heimel til mellombels freding.

Vern- og vedlikehaldsavtale

Dersom ein eigar får tilskot på meir enn kr 50.000 frå Riksantikvaren til å setje istand eit kulturminne som ikkje er freda, stiller Riksantikvaren som vilkår for utbetaling av tilskottet at det blir inngått ei tinglyst vern- og vedlikehaldsavtale

Spesialområde

Plan- og bygningslova gjev heimel for å regulere til spesialområde, "herunder områder med bygninger og anlegg som på grunn av historisk, antikvarisk eller annen kulturell verdi skal bevares".

Immatrielle kulturminne

Abstrakte resultat eller spor etter menneskeleg verksemd, som for eksempel språk, musikk, forteljartradisjon, folkeliv, skrivne kjelder, diktarar m.m.