Meir om SOLfestivalen

Vi er så glade for at SOLfestivalen har vorte så godt motteke! Fleire og fleire kjem med bidrag inn i programmet, fortsett med det! Her kjem litt meir om nokre av programpostane.

Foredrag med Gabriella Mathisen

Portrett av Gabriella Mathisen - Klikk for stort bildeGabriella Mathisen Robert Rønning/NRK

Frå rus til verdas tøffaste ultraløp. Møt verdsmeisteren Gabriella!

Bak Gabriella Mathisen ligg det ikkje berre hundrevis av mil, personlige merittar og oppnådde mål. Bak ho ligg også eit liv som allereie har innehalde meir svik, vonde minner og urettferdigheit enn det dei fleste kan klare å førestille seg. Ein vanskeleg og uføreseieleg barndom med omsorgssvikt glei etter kvart over i ei eigen vond og lang rushistorie.  Nå reiser ho verda rundt og deltek på verdas tøffaste ultraløp under steikande sol, på glovarm ørkensand og uendeleg mange mil foran seg. Og ho elskar det. Ho representerer ei umenneskjeleg sterk stå- på vilje og staheit. Kom og høyr denne ubeskriveleg inspirerande dama fortel om livet sitt.

"Livet er ei gåve, uavhengig av utgangspunkt.
 Det er ikkje viktig å passa inn, det er meir viktig å vera seg sjølv. 
Det å tora å vera seg sjølv. 
Alt treng ikkje vera perfekt. Livet er ikkje perfekt."

Gabriella Mathisen

Tid og stad: Fredag 8. mars kl 18. Marlo Grendehus
Arr: Nordigard Ramstad og MOT

Sesongopning av Frøbiblioteket

Bie på blome - Klikk for stort bildeFrøposane med bieblanding er populære for både bier og folk Sigrun Eide

 

Frøbiblioteket er eit tilbod til alle hobbygartnarar. Her kan du låne frø om våren, når hausten kjem kan du sanke frø frå plantene du har dyrka. Om du vil, kan du levere frø attende til biblioteket, slik at andre kan låne dei året etter. 

Prinsippet er Lån-Dyrk-Sank-Lever. 

Som ein start på SOLfestivalen deler vi ut SOLsikkefrø. SOLsikka er kanskje den aller gladaste blomen. Den har ei imponerande farge og størrelse, er ein fin matstasjon for småfuglane og dessutan er den Ukraina sin nasjonalblom. Den symboliserer håp og fred.

Dyrk solsikker og sprei glede rundt deg! Kven dyrkar den største solsikka?
Send inn bilde og mål til: skjaak.folkebibliotek@skjaak.kommune.no innan 1.oktober 2024. 

Fin premie!

Tid og stad: Måndag 4. mars kl 10. Skjåk folkebibliotek
Arr: Skjåk folkebibliotek
 

 

Mat og prat og filmen SAU
 

Frå filmen sau - Klikk for stort bilde

 

Ein sjarmerande feelgood-film som har fått ståande applaus og stor merksemd både i Norge og i utlandet.

Filmen SAU handlar om eit småbruk i Nordland som skal skifte til neste generasjon, frå far til dotter. Filmen er eit varmt og nært portrett av ein familie, Den handlar om tradisjon og overlevering av kunnskap, om å finne sin eigen veg i andre sine fotspor. Og den handlar om sau.

Dette er ein feel good-film om ein meir og meir sjeldan måte å drive gard på. Publikum blir sjarmert, med slått i hjartet på same tid. Filmen har vekt stor interesse, både i Norge og i utlandet.

Tid og stad: Måndag 4. mars kl 19. Marlo Grendehus
Arr: Landbrukskontoret

 

 

Boklansering av og med Magnhild Bruheim

Portrett av forfattaren Magnhild Bruheim - Klikk for stort bildeMagnhild Bruheim Gudmund Moren


Endeleg ei ny krimbok frå Magnhild Bruheim!

Krimboka "Stjernefallet" skal lanserast på biblioteket under "SOLfestivalen" i Skjåk.

Magnhild Bruheim debuterte i 1997 med boka «Varselet». Ho har seinare gjeve ut ei rekkje romanar for barn, ungdom og vaksne. «Stjernefallet» er den sjuande krimromanen hennar. Magnhild vaks opp i Skjåk og er busett på Lillehammer.

Boksal og signering.

Tid og stad: Onsdag 6. mars kl 19. Skjåk folkebibliotek

Foredrag med fotografen Oskal Pushmann

Portrett av Oskar Pushmann - Klikk for stort bildeOskar Pushmann Lars Sandved Dalen/NIBIO

 

Om attgroing, utbygging, modernisering og landskapsendringar

Oskar Pushmann har gjort dokumentasjon av landskapsendringar til eit livsverk. Sidan 2002 har han refotografert over 6000 historiske landskapsfoto. Frå Axel Lindahl på 1880-talet og av mange andre fotografar heilt opp til vår eiga tid. Dette gjeld også fotografiar frå område i Lom og Skjåk frå før i tida og nå. På denne måten bidreg Pushmann til kunnskap om konsekvensane av attgroing, utbygging og modernisering – om verdien av landskaps- og bygningsvern der ein faktisk set inn tiltak og ressursar. 

Han har faste innslag på baksida av Nationen.

Oskar Pushmann er landskapsgeograf og seniorrådgjevar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Tid og stad: Torsdag 7. mars kl 19.30. Kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule

Husflidskafé og utstilling av 50 genserar

 

Bilde av tre kofter - Klikk for stort bilde


Det er Torunn Bruheim Haugen som har designa og strikka dei 50 genserane.

Bli med og stem på kva for genser du kan tenkje deg, den med flest stemmer vi bli ei ferdig mønsterpakke. Trekning av gåvekort frå Bøstugu/Galleri Mathilde
 

Tid og stad: Onsdag 6. mars kl 18-21. Husflidslaget sine lokale (Gamle Nordberg S-lag)

 

Arne Brimi kokar blåbærsupe på bål

Portrett av Arne Brimi. Foto: Nettsida til Brimiland - Klikk for stort bilde

 

SOLfest og familiedag

Arne Brimi blir med på SOLfesten i Gamleheimstrædet. Han skal koke blåbærsupe på bål + at vi skal få ei smaksprøve på Gudbrandsdalsost Anno 1863.

Tid og stad:  Laurdag 9. mars kl 12. i Gamleheimstrædet.

 

Gudbrandsdalsost Anno 1863 - Klikk for stort bildeHer ser du den nye innpakninga. Fin innpakning og godt innhald!

 

Unge kunstnarar pyntar biblioteket og kommunehuset

 

Bilete av ungar på Skjåk folkebibliotek. Foto: Sigrun Eide - Klikk for stort bilde

Komiteen for Solfestivalen 2024 arrangerte ein SOLverkstad på biblioteket laurdag 17/2. Det vart laga mange fine soler som skal pynte opp biblioteket og kommunehuset under SOLfestivalen. 

Fleire gode tips og tilbod 

  • Skeid Kro melder at dei har tilbod på kaffi, SOLbollar og SOLis denne veka
  • Akantus Blomster melder at dei har “SOLstikk” denne veka med mange gode tilbod. Fylg med på facebooksida deira.
  • Sysselsetting Lom og Skjåk melder at dei har laga dyrkepinnar av bambus med tekst som t.d. agurk, tomat, chili m.m. for sal.
  • Godbiten Café på Skjåk Kjøpesenter melder at dei har tilbod på kaffi og SOLbollar denne veka.
  • Skjåk Kjøpesenter pyntar med SOLer og har fleire gode tilbod.
  • Skjåk Mat lanserer ei ny grillpølse denne veka
Logo Solfestivalen 2024 i Skjåk - Klikk for stort bilde

Informasjon og fullstendig program