Fem påskekrimmar du berre MÅ lese! - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Fem påskekrimmar du berre MÅ lese!

Er du på jakt etter den ultimate leseopplevinga i ferien? Kari Anne har handplukka fem nervepirrande favorittar som alle har rulla til ein solid terningkast 6.

Gjer deg klar for djupe løyndomar og sitrande spenning i særklasse – den perfekte følgjesvenen til lange påskekveldar i godstolen eller på fjellet.

Gjer deg klar for spenning i særklasse som garantert vil gi deg frysningar på ryggen.

 

Bokomslag Djeveløya - Klikk for stort bildeDjeveløya

“Djeveløya”
av Karin Thommesen

Debutromanen til Karin Thommesen er lagt til Jan Mayen, intet mindre! Dette er faktisk den fyrste romanen der handlinga er lagt til den norske polarøya 1000 kilometer vest for fastlands-Noreg. Eit plott med 18 menneske på ei øy langt frå alt anna, og der tåka tek over øya gjev grunnlag for ei spennande og klaustrofobisk handling. Romanen er rett så velskriven, og ein kan til og med plukke opp eit og anna av lærdom om den vulkanske øya som har høyrd til Noreg sidan 1930.

 

 

Bokomslag Mayday - Klikk for stort bildeMayday

«Mayday» og «Snøleoparden» 
av Grethe Bøe

Bøkene handlar om jagarpiloten Ylva Nordahl. I begge bøkene blir ho fanga i usannsynleg ville historier om det som diverre kanskje ikkje er så usannsynleg vill storpolitikk. 

Den fyrste boka har handlinga i iskalde omgjevnader på den russiske tundraen, medan den andre handlinga er minst like iskald på og rundtSvalbard. Det er meir eller mindre umogleg å legge frå seg desse bøkene når ein fyrst har starta å lese. 

 

 

Bokomslag Den stille uke - Klikk for stort bildeDen stille uke

«Den stille uke»
av Sven Petter Næss 

Dette er debutromanen til Sven Petter Næss der ein for fyrste gong får møte den joviale Kripos-etterforskaren Harinder Singh. Sidan har det vorte seks romanar til om etterforskaren. Dette er klassisk politikrim, men det aller beste er at Harinder Singh er ein ganske så normal og grei kar som det er forfriskande å lese om. 

Visst kjem han ut for mykje rart, men han er korkje forfylla, neddopa eller demoralisert slik dei fleste etterforskarar er i kriminalromanar. I «Den stille uke» er det sjølvsagt både drap, intriger og mykje spenning, og det heile går føre seg i påskeveka.

 

 

Bokomslag Mordene på Fleat House - Klikk for stort bildeMordene på Fleat House

«Mordene på Fleat House» 
av Lucinda Riley 

Det er trist at Lucinda Riley ikkje fekk leve lengre og skrive fleire kriminalromanar. Manuset til denne boka vart funne av sonen hennar etter at ho døydde, og vart deretter gjeve ut. Det høyrer med til historia at romanen var skrive 15 år før ho døydde, men at Riley ikkje forsøkte å få den gjeve ut. Romanen er ein heilt perfekt påskekrim for den som er glad i klassisk engelsk tv-krim slik som «Mord og mysterier». Handlinga skjer i Norfolk. Det er engelsk landsbygd, idylliske småbyar ved kysten, kostskule, tweed-antrekk, tedrikking og mord om kvarandre. Med andre ord ein perfekt kombinasjon for ein klassisk og god påskekrim.

 

 

 

Bokomslag Vi er fem - Klikk for stort bildeVi er fem

«Vi er fem» 
av Mathias Faldbakken

Ei tvers igjennom spinnvill bok om ein familie med mor, far, to born og ein hund – og leire. Denne boka er noko heile for seg sjølv, ei blanding av eventyr, horror, science fiction og rå realisme tilsett litt heimstaddikting. Romanen har vorte kalla ein bygderoman på speed som det er ein fest å lese. I 2019 fekk boka P2-lyttarane sin romanpris. Dette er ikkje nokon tradisjonell roman på noko vis, men om ein vil lese noko heilt utradisjonelt, rart og veldig spennande blir boka anbefalt på det varmaste.