Påske og krimrebusEr du biblioteket sitt svar på Sherlock Holmes?Vi har lagt ut 11 kriminelle gåter som ventar på å bli knekte. Rebusen tek deg gjennom mystiske spørsmål og krevjande spor – perfekt for deg som elskar ein god grøssar og litt hjernetrim i påska. Ein bokstav frå kvart svar = løysingsordet på 11 bokstavarKva er etternamnet på den norske forfattaren bak krimhelten Harry Hole?Vi er ute etter fyrste bokstaven i etternamnet til forfattaren. Norsk forfattar og avdelingsleiar i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap. Jakop Weber er hovudperson i bøkene hans. Vi er ute etter fyrste bokstaven i fornamnet til forfattaren. Kva er fyrste bokstaven i etternamnet til den norske krimforfattaren som debuterte i 1991 med «Spritdrapet i Sogn og Fjordane» under pseudonymet Roger Fjorden? Kva heiter den norske krimforfattaren som også er politiadvokat i Kripos? Han debuterte i 2010 med «Den tredje søsteren». Vi er ute etter fyrste bokstaven i fornamnet til forfattaren. Kva heiter forfattaren bak den norske krimserien om arkeologen Bjørn Beltø? Serien har vorte kalla «den norske Da Vinci-koden». Vi er ute etter fyrste bokstaven i etternamnet til forfattaren. Kva heiter den norske forfattaren bak krimhelten Holger Munch? Etternamnet er eit treslag.Vi er ute etter fyrste bokstaven i fornamnet til forfattaren. Kva slags litterær sjanger fell alle desse bøkene inn under? Kva heiter hovudpersonen i serien til Åsa Larsson frå Kiruna?Vi er ute etter fyrste bokstaven i fornamnet til hovudpersonen. Kva heiter den litterære teknikken der ein startar «midt i handlinga»? Kva heiter den norske forfattaren som ofte blir kalla «Noregs krimdronning», og som er kjend for serien om Konrad Sejer?Vi er ute etter fyrste bokstaven i fornamnet til forfattaren. Aktuell krimforfattar som kom med si fjerde bok i mars 2026. Har også skrive ei bok med namn etter vår minste fugl.Vi er ute fyrste bokstaven i fornamnet til forfattaren. Lukke til!Send inn svarSend svaret ditt innan 8. april 2026 på e-post til Skjåk folkebibliotek, og du er med i trekninga av ein liten premie.skjaak.folkebibliotek@skjaak.kommune.no Sist endret 04.04.2026 22.56