Johannes Alme
I påska 1952 mista 79 menn livet i ein forrykande orkan
Johannes Alme er eit kjent ansikt for mange i Skjåk. Han har hytte på Billingen og har tidlegare jobba i Skjåk kommune. Han har mykje kunnskap om ein av dei mest dramatiske hendingane i norsk kysthistorie. Under SOLfestivalen 2026 kjem og held foredrag om norsk selfangst og den ufattelege tragedien i Vesterisen i 1952.
Med ei brennande interesse for polarhistorie, formidlar han ikkje berre dei tørre fakta, men også dei menneskelege skjebnane bak overskriftene.
Vesterisulukka utanfor Grønland
I april 1952 råkar ein av dei verste tragediane i norsk selfangsthistorie. Fem ishavsskuter – «Vårglimt», «Ringsel», «Brattind», «Pels» og «Buskø» – forsvinn i det harde vêrdraget i Vesterisen. 79 ishavsfolk misser livet. Uvêret kjem brått og nådelaust, og skutene får ingen sjanse til å berge seg. Heime sit familiar og ventar, medan rykta og uroa spreier seg. Først mange dagar seinare kjem den grufulle sanninga fram – skutene er borte for alltid.
Johannes Alme skildrar dramatikken, leitinga etter dei sakna og den djupe sorga som la seg over kystsamfunna. Eit sterkt og gripande foredrag om dei som sat att, om motet til ishavsfolket og om ein tragedie som aldri må gløymast.
Selfangsten - primærnæringa som forsvann
Foredraget er for alle som er interesserte i norsk historie, næringshistorie, kystkultur og korleis landet vårt har utvikla seg. Du får høyre om korleis selfangst har forma det norske samfunnet, særleg kystsamfunna på Sunnmøre og i Nord-Noreg. Johannes Alme viser korleis naturtilhøve, demokrati, politikk og rammevilkår har påverka denne næringa, og kor viktig ho har vore for arbeidsplassar, busetjing og velferd. I tillegg får du innblikk i kvinnene og familiane sine roller i selfangsten.
Vi får vidare høyre om det dramatiske vrakfunnet gjort av den islandske trålaren Videy hausten 2023.
Johannes Alme
Johannes Alme er 54 år og kjem frå ishavsbygda Brandal på Sunnmøre. Han har sjølv vore på selfangst, men kallar seg 98% landkrabbe. Han har samla og skrive mykje om hendingar i ishavet, både artiklar og bøker, og etter kvart ein mykje nytta foredragshaldar. Han er i dag næringssjef i Hareid kommune, føredragshaldar, forfattar – og truleg den personen i verda med størst kunnskap om norsk ishavshistorie. Han har tidlegare vore kommunalsjef for miljø- og samfunnsutvikling i Skjåk kommune.
Vel møtt til ei lærerik og gripande historisk reise!
Skjåk folkebibliotek måndag 2. mars kl 18