Friskus i Skjåk

Friskus i Skjåk er ei støtteordning som skal gå til fritidsaktivitetar for barn og unge mellom 6 og 18 år i Skjåk. Målet med Friskus i Skjåk er å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar i Skjåk.  Friskus i Skjåk gjeld i perioden 1. september 2023 til 1. juni 2024!

Friskus i Skjåk

Deltaking i fritidsaktivitetar gjev moglegheit til å gjere noko saman med andre, vere ein del av eit fellesskap, få nye vener, vere aktive, lære noko nytt og oppleve meistring. Ordninga er eit verkemiddel for å realisere Fritidserklæringa om at alle barn og unge skal få delta på fritidsaktivitetar saman med andre, uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn. Friskus i Skjåk skal bidra til at alle skal kunne delta på fritidsaktivitetar. 

Tillitsbasert ordning

  • Friskus i Skjåk er ei tillitsbasert ordning som er enkel å bruke.
  • Foreldra søkjer om tilskottet på vegne av ungane sine, og får tilskotet på bankonto.
  • Pengane skal uavkorta brukast til fritidsaktivitetar for ungane.

Kven kan delta på Friskus i Skjåk?

  • Barn og unge mellom 6 og 18 år med folkeregistrert adresse i Skjåk kommune.
  • Syskjen får eitt Friskus i Skjåk tilskott kvar. Tilskotet pr barn er på kr 1700,-.
  • Pengane frå Friskus i Skjåk høyrer til kvart enkelt barn og pengane skal kun gå til fritidsaktivitetar!
  • Ordninga er tillitsbasert, det vil bli nokre stikkprøver for bruken av midla. Ta vare på kvitteringar som er relatert til ordninga.
  • Friskus i Skjåk gjeld i perioden 1.september 2023- 1. juni 2024.
  • Ordninga vil bli evaluert for å sjå om dette kan bli ei varig ordning, om retningslinene skal justerast og vurdering av korleis ordninga eventuelt skal finansierast vidare.

Kva for aktivitetar kan Friskus i Skjåk midlar gå til?

  • Organiserte og eigenorganiserte kvardagsaktivitetar.
  • Deltakaravgift på ein eller fleire aktivitetar inntil kr 1700,- pr unge.
  • Treningsavgift, kontigent, årskort, riding og liknande.
  • Kino, go-cart eller andre eigenorganiserte aktivitetar.
  • Deltaking på turneringar og organiserte ferietilbod.
  • Kulturskulen.

Sportsutstyr, instrument mv. skal ikkje dekkjast av Friskus i Skjåk midlar. Hugs at Skjåk IL låner ut mykje utstyr.

Korleis søkjer du på Friskus i Skjåk?

  • Trykk på knappen under. Logg på ID-Porten for å logge inn i portalen SIKKER INNSEDNING til Skjåk kommune. På fyrste skjema, fyll inn følgjande informasjon:
  • I «Tittel-feltet» skriv du: Friskus i Skjåk søknad
  • I «Meldingsfeltet» skriv du:
  1. Namn og fødselsdato på ungane
  2. Bankontonummer som tilskotet skal inn på.
  3. Namn på foreldra.

Fyll inn resterande informasjon i portalen og send inn. Lykke til!

SEND SØKNAD HER

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702